Det nye utgiftspartiet

Til helga har Høgre landsmøte. Kva har dei fått til av det dei lovde å gjennomføra? Fint lite.

Publisert Sist oppdatert

Kva tenkjer du på når du tenkjer på Høgre? Det er eit vanskeleg spørsmål. Å definera Høgre er som å spikra gelé oppetter veggen, men sjølv om det vanskeleg, er det ikkje umogleg. Når vi tenkjer på Høgre, tenkjer vi sterk nasjonalstat i kombinasjon med eit sterkt forsvar, lægre skattar, litt deregulering og meir personleg ansvar, og ikkje minst god hushaldering – pengar og ressursar er knappe gode og difor lyt ein halda att på bruken av dei.

Lat oss sjå nærare på kva Høgre har oppnådd, for til helga er det landsmøte i Høgre. På landsmøtet skal dei feira den store sigeren. Erna Solberg vann valet, ho som skeiv boka Mennesker, ikke milliarder før ho vart statsminister. Tittelen må seiast å vera grovt misvisande, for er det noko Solberg har vore oppteken av, så er det milliardar. I samarbeid med Frp har ho pøst rekordmykje oljepengar over oss nordmenn.

250 oljemilliardar

Vi kan byrja med skatt og oljepengar før vi går vidare til andre tema. Vi kan samanlikna 2007 og 2017. I 2007 var underskotet på statsbudsjettet før vi henta pengar frå Oljefondet, på 1,4 milliardar. Kristin Halvorsen leverte den beste budsjettbalansen sidan Gunnar Berge. Likevel kritiserte Høgre henne for å bruka for mykje pengar. Så kan vi spola fram til 2017, då Erna Solberg hadde hatt makta i fire år. I statsbudsjettet for 2017 var underskotet før oljepengebruken på 250,6 milliardar. Kvart einaste år i den fyrste regjeringsperioden til Solberg har det vore ein dramatisk auke i oljepengebruken. Under Erna Solberg passerte den offentlege pengebruken, inkluderte offshoresektoren, 50 prosent av verdiskapinga, bruttonasjonalproduktet (BNP).

Men når Solberg og Høgre har funne å kunne nytta 250 milliardar meir enn Halvorsen, må vi vel rekna med at ein del av desse kronene har gått til skattelette. Vel… Om vi samanliknar skatte–?og avgiftsopplegget i 2007 og 2017, finn vi at skattane over statsbudsjettet var vel 20 milliardar lægre i 2017 enn dei ville ha vore med det same skatteopplegget som i 2007. Dei resterande 230 milliardane har gått til å auka statens utgifter.

Kommunane dreg opp

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement