Det nye Arbeidarpartiet er det gamle

Jens Stoltenberg bør ikkje lesa den nye programmet til Arbeidarpartiet. Då taper han nattesvevnen.

Blabla
Blabla
Publisert

Om ein vil skada ein sitjande eller komande statsminister, skal ein skryta hemningslaust av den førre, for å skriva om Trygve Bratteli. I Min historie, den uventa gode sjølvbiografien til Jens Stoltenberg (legg merke til at eg skryt av boka red. mrk.) fortel Jens om kor trist det var å fara til Sydvaranger Gruve og fortelja arbeidarane at dei ikkje kom til å verta berga av staten, for aktiv næringspolitikk var og er noko gale, fortel den førre statsministeren. Difor ingen fleire subsidiar til ulønsam gruvedrift.

Motstand mot aktiv næringspolitikk har vore eit mantra for Jens:

«Oljen vår vil vare 50–100 år til, og jeg mener vi derfor kan si veldig lite om hva vi skal leve av da. Du kan spekulere og resonnere, men de menneskene som sier noe om dette i dag, de bør du egentlig ikke stole på. De får godt betalt for mye sludder», fortalde han til ei gruppe studentar ved NTNU i 2012.

«Hadde noen sagt i 1990 at Televerket skulle bli noe av det mest profittgenererende vi kunne få i dette landet, ville de blitt sett på som idioter», sa han vidare.

«Jeg sier altså at jeg ikke vet hva vi skal leve av, men det er beroligende – ikke bli urolig».

Det nye Arbeidarpartiet veit kva vi skal leva av i framtida, både under og etter oljen, vi skal leva av ein aktiv næringspolitikk – alt dette som Kåre Willoch, Gro Harlem Brundtland og altså Jens Stoltenberg har nytta år for å kjempa ned etter at den aktive næringspolitikken krasja i 1970-åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement