Det nest største feilgrepet
–?Euroen var eit historisk mistak, seier Robert Cooper. Han er rådgjevar for Catherine Ashton, «utanriksministeren» til EU.
Robert Cooper var ein av Tony Blairs næraste rådgjevarar. Tysdag denne veka var han i Oslo.
–?Tony Blair var ein stor politikar og ein svært populær statsminister. Men kva kjem han til å verta hugsa for? Fiaskoen i Irak, seier Robert Cooper.
–?Så kva gjorde Tony Blair til ein dyktig politikar? –?At han tok seg tid til å tenkja. Fyrste fredagen etter at han hadde vorte statsminister, møtte eg han i Downing Street 10. Det var føremiddag, og han hadde på seg jeans og t-skjorte. Han var på veg til Chequers (feriehuset til statsministeren, red.merk.). «Eg har fem tusen menneske her som berre arbeider for at eg skal gjera bra arbeid. Då skuldar eg dei å tenkja ut kva eg vil dei skal gjera», sa Blair. Diverre slutta han etter kvart med dette, det vart for mykje arbeid og for lite tenkjing.
Tett på makta
Robert Cooper ser ut som den klassiske britiske diplomaten, til og med dei hårete augnebryna er på plass Han er svært høvisk, men kvar gong eg spør han om noko kontroversielt, svarar han: – Interessant spørsmål, kva ville du ha gjort?
Når eg så seier det, seier han: – Verkeleg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.