- Det mest elementære manglarKvifor fungerer ikkje knutepunktstrategien? Hovudgrunnen ligg i det faktumet at knutepunktstrategiane ikkje er styrte av politikarar; polikarane har overlate ansvaret til utbyggjarane, meiner arkitekt Arne
Kvifor fungerer ikkje knutepunktstrategien? Hovudgrunnen ligg i det faktumet at knutepunktstrategiane ikkje er styrte av politikarar; polikarane har overlate ansvaret til utbyggjarane, meiner arkitekt Arne Sødal, som også arbeider som arrangør av såkalla plansmier: opne møte om byplanlegging der samanheng, trivsel og lokal medverknad er stikkord.
– Eigedomsutviklarar vil byggje mest og høgast mogeleg på kvar einaste tomt. Kommunen opnar opp for dette ved ei enkel endring av kommuneplanane: ein tidoblar utnyttingsgraden. Dette står gjerne i lita skrift, slik at det blir uforståeleg for alle andre bortsett frå dei private utbyggjarane. Det endar med at tette, gråe, einsarta bustadblokker blir bygde, medan infrastruktur og sosiale møtestader blir nedprioriterte. Ein burde fyrst tenkje på det elementære i ein by: få torg, gater og mjuke trafikantar på plass, og deretter ta til med bustader.
Professor Karl Otto Ellefsen ved Institutt for urbanisme og landskap ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, meiner strategien ikkje fungerer fordi ein ikkje opererer med tydelege definisjonar.
– «Knutepunkt» blir bruka om vidt ulike stader med det mål å få lov til å byggje der. Men «knutepunkt» skal strengt teke berre gjelde stader med skinnegåande trafikk. Når det gjeld Lørenskog, er området kring Lørenskog jarnbanestasjon eit slikt knutepunkt, men ikkje området kring Metro og Lørenskog kulturhus, der det berre er busstasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.