Det merkelege Tysklands-hatet

Er verkeleg Tyskland ein vond stat bygd på ein moralfilosofi som seier at alle som har gjort noko gale, må straffast hardt? Er det slik som Stavanger Aftenblads Svein Egil Omdal seier: at «demokratiet i Hellas er knust» av Tyskland?

Publisert Sist oppdatert

For dei som er glade i Tyskland, har det vore tunge tider om ein les norsk og britisk presse. I Noreg har mange aviser, men særleg Stavanger Aftenblad med kommentator Sven Egil Omdal i spissen, vore på farten – både i sosiale medium der han har tusenvis av fylgjarar, og i avisa. Det er mange andre enn Omdal i norsk presse som har vore kritiske til Tysland, men Omdal er tvillaust den største fisken. Så lat oss byrja med nokre sitat frå han: «Når alt dette er over, og demokratiet i Hellas er knust, hva vil andre utsatte land tenke om Tysklands rolle i Europa?» (Facebook). På Twitter har han undra seg over kva som skal til for å få den tyske finansministeren til å endra syn: «What if someone slipped Schäuble an envelope with 100.000 euro? Has worked before.» (Kva som nokon gav Schaüble 100.000 euro? Har verka før.) Vidare har han i Stav­anger Aftenblad stilt seg bak økonomen Paul Krugman, som meiner at tyskarar helst vil straffa folk: «Sjansen er nemlig dessverre liten for at Angela Merkel erkjenner at hun, med Krugmans ord, ‘er dypt forpliktet på en misoppfatning av situasjonen’. Tyskerne tror at økonomien er en del av moralfilosofien, skriver han. Derfor må land som av ganske ulike årsaker har falt i gjeld, først straffes før de kan hjelpes.»

Men Omdal har altså ikkje vore åleine i å meina at Tyskland har utnytta euroen til å veksa seg sterke for slik å kunna straffa andre: «Tyskland har tjent på euroen; grekerne og flere andre har tapt. Det burde åpne for en viss raushet fra tyskernes side, men den har de ikke vist. I stedet rir de prinsipper og paragrafer», skriv Harald Maland i ein kommentar i Stavanger Aftenblad.

Men har tyskarane vore så fæle med grekarane? Ein annan vinkel kan vera at tyskarane har gjeve mykje, underleg mykje, av sin eigen velstand til grekarane og andre søreuropeiske land.

Teori

Litt teori: Det finst reine penge­unionar, som eurosona er, og overføringsunionar, som Noreg er. Hadde Noreg korkje vore ein penge–?eller overføringsunion, men i staden vore delt opp i ei rekkje småland med ulik valuta, ville Sunnmøre truleg vore rikast og Hedmark fattigast. På Sunnmøre eksporterer kvar arbeids­takar i gjennomsnitt for godt over 1 million; i Hedmark eksporterer dei for langt under 100.000. Likevel er flatskjermane, husa, bilane og PC-ane nokså like i dei to områda. Slik er det av di sunnmøringane og andre eksportørar gjer krona sterk. Den samla norske eksporten er så sterk at hedmarkingane ikkje treng å eksportera noko, dei nyt godt av ein felles valuta. Slik fungerer ein rein pengeunion. Slik fungerer euroen.

Men det er ingen tvil om at hedmarkingane tener dårlegare enn sunnmøringane, då kjem overføringane inn i biletet. Sidan sunnmøringane kan betala mykje i skatt og hedmarkingane lite, tek staten delar av pengane dei får inn frå sunnmøringane, og overfører dei til hedmarking­ane for at velstanden skal vera lik. Dette er både ein penge–?og overføringsunion. Slik fungerer Noreg og USA, til dømes.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement