Sideblikk

Det konservative som størkna lim

Høgre har ikkje nye idear, men dårlegare løysingar. Statsministeren har nok med å ro.

Statsminister Erna Solberg (H) drøymde om å skapa full, borgarleg samling, skriv Anderas Hompland.
Statsminister Erna Solberg (H) drøymde om å skapa full, borgarleg samling, skriv Anderas Hompland.
Publisert

ER DET NOKON som minnest Høgre? Det var eit konservativt parti som overlét nasjonalkonservatismen til Bondepartiet, og som sjølv balanserte mellom verdikonservatisme og næringsliberalisme, mellom embetsstand, borgarar og kremmarar, mellom moral og marknad. Dei bygde på det kristne kulturgrunnlaget, skulle syna sosialt ansvar og «forandre for å bevare», som Lars Roar omsette det frå Edmund Burke. Andre var meir opptatt av skatt, privat armslag og eigedomsrett, byråkrati og formynderi, avundsjuke og sniksosialisering, strukturelle reformer og systemendringar for å demontera huset Gerhardsen bygde.

Partiet skulle vera til å kjenna att som ein brei sofa, sjølv om innpakkinga skifta og orda var utflytande. Erling Norvik frå Vadsø, general­sekretær 1970–1974 og formann 1974–1980 og 1984–1986, kasta seg i kalosjane og personifiserte høgrebølgjas folkelege andlet i Willochs tid. Han omtalte Høgre som eit «progressivt, liberal-konservativt og moderat sentrumsparti». Jo Benkow, som var formann frå 1980 til han blei knivstukken i ryggen av partifellar i 1984, drog det lengst inn i mjuk ull: «Det som er avgjørende, er at Høyre kan bety noe godt og riktig for folk flest.»

PROGRAMMATISK er dette samla under merkelappen «konservativ fremskrittspolitikk», men inntrykket var Høgre som kalkulatorparti. For å skaffa partiet av med dette ry skreiv den miskjende og hardt kjempande partileiaren Erna Solberg (Odd Isungset) boka Mennesker, ikke milliarder i 2011.

Til valet i 2013 hadde dei, med eit lån frå svenske tilstandar, funne opp seg sjølv som «det nye arbeidspartiet». Slagordet var «Nye idéer og bedre løsninger». Båe delar gjorde sitt til valsigeren over den raudgrøne regjeringa som hadde tapt handlekraft.

HØGRES VEG til makt hadde tidlegare vore gjennom samarbeid med det politiske sentrum, så det var ukomfortabelt å regjera i mindretal med eit parti til høgre for seg sjølv.

Erna Solberg ville forsona; draumen var å skapa full, borgarleg samling. Men då målet var nådd, synte det seg at Stjerna Erna var komen til eit helvete og ikkje til ein harmonisk himmel. Som statsminister i ei sprikande fleirtalsregjering minner ho mest om ein riksmeklar. Ho er fulltids sysselsett med å gjeta Kongens harar, dekka over fiendskap og finna andre måtar å seia det på for å hindra snikoppløysing av regjeringa. Det blir ikkje mykje styringsfart når ein må bruka meir krefter på å ausa enn på å ro den sprukne holken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement