Det kommunale samlingspartiet

Når mange bekkar små skal samlast i ei stor kommunal å, må kanalane vera opne og farbare.

Bjørn Arild Gram får toppvervet i interesseorganisasjonen til kommunesektorane. Den nye KS-leiaren vart vald på landstinget i KS onsdag. Her saman med avtroppande leiar Gunn Marit Helgesen.
Bjørn Arild Gram får toppvervet i interesseorganisasjonen til kommunesektorane. Den nye KS-leiaren vart vald på landstinget i KS onsdag. Her saman med avtroppande leiar Gunn Marit Helgesen.
Publisert

KS er ein hybrid plante i den norske organisasjonsfloraen. Dette veit Spaltisten ganske mykje om, etter at han saman med Jon Helge Lesjø skreiv historia om KS’ plass i det norske systemet gjennom hundre år. Boka heitte, rimelegvis, Konstante spenninger.

Byråsjefen meiner dette gjer Spaltisten delvis inhabil til å kasta eit sideblikk på KS. Av erfaring trur han at alle som på eit eller anna vis har vore nær KS, er smitta av organisasjonens oppskrudde sjølvbilete som ei viktig brikke mellom folket, forvaltninga, interesseorganisasjonar, næringsliv og statsmaktene i den norske styringsmodellen.

Slik Byråsjefen ser det, frå dei utøvande kommandohøgdene i den kunnskapsbaserte, saklege og nøytrale forvaltninga, er KS skurrande sand i eit rettferdig og effektivt maskineri. Denne forpurrande og utsettande makta er avhengig av at lokale og regionale politikarar frå alle parti i bygd og by, rådmenn i store og små kommunar, fylkeskommunar og kommunale føretak blir samde om noko som helst, og det skjer heldigvis sjeldan.

LANDSTINGET I KS var samla denne veka. Generalforsamlinga var pakka inn av kommunalpolitisk toppmøte, konsultasjonar med statsrådar og toppmøte for barn og unge (tidlegare Skoletinget). Pluss ei eiga samling for kommunaldirektørar (tidlegare rådmenn) som vil slå saman fleire kommunar og oppmodar kommunal- og moderniseringsministeren om å gjera det med tvang.

Samla skal desse arrangementa vera ein politisk verkstad og ei framsyning som «setter kommunesektorens samfunnsverdi på dagsorden, gjennom å vise lokaldemokratiets evne til å løse lokale, regionale, nasjonale og globale samfunnsutfordringer». I år var «bærekraftig utvikling» eit berande omgrep, utlagt som «å imøtekomme behovene til mennesker som lever i dag, uten å ødelegge fremtidige generasjoners muligheter til å dekke sine.» Grunnlagsdokumentet heitte «Mange bekker små».

EIN FORVITNELEG prosess i forkant krona Bjørn Arild Gram frå Senterpartiets kjerneland i Innherred i Trøndelag til ny leiar, etter semje med Høgre og Framstegspartiet. Han var nestleiar under Gunn Marit Helgesen (H, Telemark), for i KS er Senterpartiet eit borgarleg og hestehandlande ordførarparti og ikkje bestevenn med det jamstore Arbeidarpartiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement