Sideblikk

Det kjem an på korleis ein ser det

Når frustrerte fruer i Framstegspartiet blir offer for trugsmål og inngripande overvaking.

Publisert

Laila frå Lødingen blei opprørt og irritert då ho fekk det for seg at privatsfæren var invadert og intimidert. Då politiet la saka til side og få forstod alvoret i det ho var overtydd om at ho hadde sett, blei ho handlekraftig og utkropen. Ho tusja «rasisit», produserte alternative fakta og konstruerte hendingar for å få forteljinga om trakassering til å fenga og henga saman. Då iscenesetjinga rakna og prosessen mot henne starta, opplevde ho det som hos Kafka: «En eller annen må ha ført falskt vitnesbyrd mot Josef K., for en morgen ble han arrestert uten å ha gjort noe galt.»

Det er slik Laila frå Lødingen og Røa ser det, og det er slik forsvarar Elden legg det fram. Framande makter må ha flytta inn. Og det skal sambuaren, Tor Mikkel Wara, ha: I bakgrunnen syng han, master i filosofi, tidlegare justisminister og kommunikasjonsrådgjevar i Fyrstehuset, «Stand by your woman».

Laila Bertheussen er under tøft press, tar risiko i grenseland og blir dolka i ryggen. Men det er påtalemakta som skal prova at ho er skuldig, og så langt er det mange indisium, men ingen rykande pistol.

BERTHEUSSEN-SAKA gir interessante gløtt inn i kva som rører seg i klandestine subgrupper nær makta i Framstegspartiet og i partiets kjæledegge Human Rights Service. Dei er så vane med å sjå seg sjølve som offer og tenka i komplott at dei ser konspirasjonar i høglys ålmente. Dei har så dårleg kontroll på skiljet mellom statssaker og private interesser at dei drøfta trumpske planar for korleis justisministeren skulle gripa inn og instruera politi og rettsvesen. Og bytullingane i patriotismens fyrtårn kasta seg over offentleg støtte til frie teatergrupper.

Tybring-Gjeddene skalv som persilleblad og sprang som «skremte gås» då dei fekk trugande brev. Men då politiet saumfór huset på Røa etter kvitt pulver og andre terrorspor, var Laila Bertheussen mest opptatt av at dersom ho ikkje rakk polet før stengetid, ville nokon ligga tynt an.

Like før saka snudde 180 grader og politiet kom på frimerkesporet, lét statsministeren seg forføra til å refsa folka bak Ways of Seeing for å truga samfunnstryggleiken og demokratiet og gjera det farlegare å vera politikar. Ho ville nok ikkje ha brukt akkurat dei orda i dag, men ho har ikkje hatt ryggrad til å beklaga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement