Det Kina eg ser, taperdenne handelskrigenDet vert gjort mykje narr av tollsatsane til Trump, men han har funne det svake punktet til
Det vert gjort mykje narr av tollsatsane til Trump, men han har funne det svake punktet til Xi.
Inntrykket mitt er at mange utdanna kinesarar ser på utanrikspolitikken til regjeringa som latterleg skriv Niall Ferguson. Her paraderer diktatoren i Venezuela på tiggarferd til Xi Jinping i Bejing 14. september.
Foto: NTB scanpix
Rundt rekna 99,9 prosent av økonomane ser på president Donald Trumps handelskrig mot Kina som idiotisk. Skjønar han ikkje at amerikanske forbrukarar kjem til å betale tollen på kinesisk import i form av høgare prisar? Er han ikkje klar over at handelsunderskot ikkje er det same som tap i forretningar?
Det er tydeleg at da Trump studerte ved Wharton Business School, gjekk han glipp av timane med David Ricardos teori om komparative fordelar. Men ein eller annan stad plukka han opp ei intuitiv forståing av makt.
Eit opphald i Beijing for eit par veker sidan synte meg ein styrande elite som kjempa for å formulere ein strategi for ein handelskrig dei hadde trudd skulle vere over for fleire månader sidan, ein økonomisk elite splitta i synet på følgjene av «Trump-sjokket», og ein middelklasse med aukande ambivalens til president Xi Jinpings styre.
Kina har få gode utvegar. Dei har innført revansjetoll, men veit godt at kinesisk import av amerikanske varer er mykje mindre enn amerikansk import av kinesiske. Tanken på å sende enda ein delegasjon til Washington er droppa i det stille. For kort tid sidan ville tidlegare finansminister Lou Jiwei innføre eksportrestriksjonar på amerikanske selskap som Apple, men alle eg snakka med, avfeia han som ein «laus kanon». Og ingen trur at ei monaleg svekking av den kinesiske valutaen vil få nokon verknad.
Optimistar i Beijing hevdar at handelskrigen har gjeve regjeringa ein sjanse til å auke farten i dei økonomiske reformene. Pessimistar vedgår at den amerikanske tollen utgjer eit stort trugsmål. Dei fryktar at handelskrigen kan utsetje reformer i staden for å akselerere dei. Ifølgje dei vil Kina kjempe med den veksande gjelda i forretningssektoren, overkapasitet i tungindustrien og eit finanssystem som plagast med skuggebankar, det vil seie uregulerte finansaktørar. Men som motvekt mot handelskrigen ser det ut til at Kina startar opp att den gjeldsdrivne maskina med investeringar i infrastruktur.
Det mest slåande ved Kina i dag er splittinga på toppen. Som ein svært framgangsrik forretningsmann sa til meg, er det tre Kina: det «ny-nye Kina» med den dynamiske teknologisektoren, det «ny-gamle Kina» med dei mest lønsame statseigde selskapa, slike som bankar og telekommunikasjonsselskap, og det «gamal-gamle Kina» med tungindustrien i rustbeltet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.