JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Det høyrest jo litt rart ut at det går å knekkje eit menneske så mykje, men det har dei klart»

Ho kjempa mot Nav i åtte år før ho til slutt fekk ytingane ho var viss på at ho hadde krav på. Det gjekk på økonomien, familielivet og helsa laus.

Ei av dei komande vekene får kvinna og ektemannen hennar vite om Oslo tingrett meiner ho har rett på oppreising etter kampen mot Nav.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
13796
20231013

Navskandalen

Vart offentleg kjend 28. oktober 2019.

Innebar at Nav hadde stilt krav om at folk som fekk sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar, måtte vere i Noreg, medan EØS-avtalen, som tredde i kraft i 1994, gjev rett til å ta med seg ytingane til andre land innanfor EØS-området.

Har ført til at over 7500 personar har fått ulovlege vedtak mot seg. Tre av desse har no saksøkt staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet med krav om oppreisingserstatning for påkjenningar og krenkingar dei er påførte. Saka har såkalla pilotstatus og kan få følgjer for fleire. Det er no varsla at det kjem dom frå Oslo tingrett tidlegast neste veke.

NAV-­skandalen

eva@dagogtid.no

Oslo tingrett tek i desse dagar stilling til om tre av dei som er råka av den såkalla Nav-skandalen, har rett på oppreising for på ulovleg grunnlag å ha vorte stempla som svindlarar og bedragarar, fråtekne pengar dei skulle ha hatt å leve av, fått krav om å tilbakebetale pengar dei hadde fått, og i nokre tilfelle også vorte melde til politiet, dømde og fengsla.

Saka kan få følgjer for fleire av dei over 7500 andre personane som også er råka som følgje av at staten har praktisert eige regelverk feil og i strid med EØS-retten.

Offentleg har det vore mest merksemd om dei som vart urett dømde, og dei som har vore urett fengsla, men feilpraktiseringa har også hatt store konsekvensar for fleire av dei som ikkje hamna i rettssystemet. Den eine av dei tre som har gått til søksmål mot staten for å få oppreising, seier ho er med på søksmålet for å synleggjere nett det. Kvinna ønskjer ikkje å stå fram med namn, på grunn av stigmaet og skamma saka har medført, men Dag og Tid har snakka med henne, og vi fortel her historia hennar basert på intervju og vitneforklaringa hennar i tingretten.

Diagnosen

Det heile byrja med at ho var mykje sliten og hadde konsentrasjonsvanskar og smerter i studietida. Plagene heldt fram gjennom dei fyrste åra i arbeidslivet og gjennom tre svangerskap og barselpermisjonar, utan at legane hadde gode svar. Etter fleire år vart ho i 2010 diagnostisert med fibromyalgi av ein nevrolog, fortalde ho i tingretten.

Fibromyalgi er, ifølgje informasjon frå den offentlege nettstaden helsenorge.no, ein kronisk smertetilstand som påverkar bindevev, musklar, leddband og senar, og som ikkje kan kurerast.

Då diagnosen vart sett, hadde ho alt vore sjukemeld i eitt år, og ho var på arbeidsavklaringspengar frå Nav – ei yting som skal sikre inntekt medan det vert avklart kva høve ein har til å halde på eller kome tilbake i jobb. Kvinna, som på dette tidspunktet var 37 år, fekk vite at det ikkje fanst medisinar mot sjukdomen, og at smertene ikkje kom til å gå over, men lege og nevrolog fortalde henne samstundes at smertene kunne lindrast mellombels ved å opphalde seg i varmt klima.

Ho drog fyrst på ferietur til Spania med familien og kjende seg betre av varmen, og seinare same år søkte ho difor Nav om å få ta med seg arbeidsavklaringspengane og flytte til Spania med familien. Ho fekk ja, fyrst til eitt års opphald, så til eitt år til. Barna gjekk i barnehage og på skule i Spania, ektemannen jobba der. Sakshandsamaren hennar ordna det endåtil slik at meldekorta ho skulle sende Nav kvar 14. dag for å få utbetalt pengane, vart sende automatisk – i og med at systema til Nav på den tida ikkje godtok utanlandske IP-adresser, og det å få meldekorta fram i posten kunne ta mellom fem dagar og fem veker og forseinke utbetalingane, fortalde ho under vitneforklaringa i tingretten.

– Det fyrste året i Spania gjekk på skjener, seier ho seinare til Dag og Tid.

Åtte års kamp

Problema starta år to. Ho fekk ein ny sakshandsamar hjå Nav som hausten 2011 brått varsla stopp av arbeidsavklaringspengane, trass i at kvinna då hadde fått godkjent å vere i Spania fram til neste sommar. I tingretten sa ho at sakshandsamaren «sa rett ut at han tykte det var urettferdig at somme kunne sitje på stranda i Spania med arbeidsavklaringspengar», og han stoppa òg dei automatiske meldekorta utan å seie frå, fortalde ho i tingretten. Ho var då utan ytingane i seks månader, før ho ved hjelp av advokat fekk pengane frå dei seks månadene tilbakebetalte. Like etter vart arbeidsavklaringspengane derimot stoppa igjen, fyrst fordi ho fekk avslag på søknad om uføretrygd, deretter fordi ho framleis oppheldt seg i Spania og no ikkje lenger hadde godkjenning frå Nav til å ta med ytinga ut.

Det var Nav som i 2012 rådde kvinna til å søkje uføretrygd, sa ho i tingretten. Søknaden vart derimot avslått fordi ho ikkje var ferdig medisinsk utgreidd i Nav. Utgreiingane hadde lange ventetider, og då dei var ferdige, tre og eit halvt år seinare, fekk ho til svar at Nav ikkje ville vurdere uføresøknaden så lenge ho framleis oppheldt seg i Spania.

For familien heldt fram å bu i Spania, og ho seier det aldri vart halde skjult for Nav. I åra mellom 2012 og 2015 vart arbeidsavklaringspengane hennar innvilga og stoppa fleire gonger, i hovudsak etter kva tid ho var i Noreg og ikkje, men dei vart òg stoppa fordi ho ved nokre høve ikkje møtte opp til møte med Nav. Under vitneforklaringa i tingretten synte ho til at det var møteinnkallingar ho ikkje hadde fått i tide, og at Nav hadde sendt innkalling i brevs form via post på ein måndag til møte på fredag og ein gong også på eit torsdag til møte på måndag.

– Det har vore umogleg. Eg har ikkje visst om at det har vore møte eingong, og så har dei brukt det mot meg at eg ikkje har møtt, for å stoppe arbeidsavklaringspengane, sa ho i tingretten.

Til Dag og Tid seier ho at ho fleire gonger bad Nav om å få møteinnkallingane i kopi på epost, men det fekk ho ikkje.

– Er det noko du i ettertid tenkjer du kunne gjort annleis den gong?

– Eg var mykje sjuk. Det kom nye beskjedar og kontrabeskjedar frå Nav, og det var fram og tilbake med arbeidsavklaringspengane heile tida, så det var vanskeleg å henge med. Men eg stilte på alle møta eg fekk vite om, og gjorde alt eg hadde fått beskjed om, seier ho til Dag og Tid.

– Kvifor flytta de ikkje berre heim når det var så vanskeleg?

– Eg hadde det betre av å vere i Spania. Barna var i gode skulemiljø og treivst betre der enn i Noreg, og på dette tidspunktet hadde vi også selt huset i Noreg. Dessutan visste vi jo heller ikkje kor ille trøbbelet med Nav kom til å verte, seier ho.

I 2015 fekk ho varsel om feilutbetalt stønad og deretter krav om å tilbakebetale 182.000 kroner pluss 10 prosent strafferente for fleire periodar mellom 2013 og 2015. Nav meinte ho hadde vore i Spania utan å ha meldt frå og fått godkjenning frå Nav på førehand, stod det i varselet. Og sommaren 2017 ringde politiet. Då hadde Nav kontroll meldt henne for grovt bedrageri og falsk forklaring, fortel ho til Dag og Tid. Ho var endåtil meld for to dagar då ho hadde vore i Noreg hjå advokat og lege, fordi Nav meinte «dette korte besøket var nødvendig for å fortsette å villede NAV om hvor hun oppholdt seg», stod det i varselet.

Kvinna hadde status som politimeld heilt til det hausten 2019 vart slege fast og offentleg kjent at kravet Nav hadde stilt om opphald i Noreg, var feil og i strid med EØS-retten.

Då saka hennar i ettertid vart handsama på nytt, etter rett regelverk, synte det seg at ho hadde krav på arbeidsavklaringspengar heilt frå 2012 og på uføretrygd frå 2016. Ho fekk òg vite at all dokumentasjon som skulle til for å innvilge uføretrygd, hadde lege klart hjå Nav sidan 2016 – då Nav hadde gjeve henne beskjed om at dei ikkje ville vurdere søknaden så lenge ho var i Spania.

Kasteball

Frå historia hennar å døme er det derimot ikkje berre utanlandsopphaldet og manglande oppfylling av EØS-regelverket som har skapt vanskar for henne i Nav.

Under vitneforklaringa i Oslo tingrett sa ho at ho etter dei to fyrste åra i Spania byrja å få stadig nye saksbehandlarar i Nav, og at ingen sette seg skikkeleg inn i saka hennar. Ho fortalde at ho fleire gonger drog på møte til Nav, eins ærend frå Spania, for å oppleve at møtet opna med at ho vart spurd kvifor ho kom. Når ho då sa at det var Nav som hadde kalla henne inn til møte, ikkje omvendt, vart ho forklart at sakshandsamaren var ny og ikkje hadde fått sett seg inn i saka. Så vart ho beden om å fortelje historia sjølv. Og då det var gjort, fekk ho vite at saksbehandlaren måtte konsultere med sine overordna og kome tilbake til henne igjen.

– Så høyrde eg ikkje noko meir før det hadde gått tre månader, og då gjentok det same seg med ein ny saksbehandlar som sa nett det same, sa ho.

Ho opplevde òg å få beskjedar som gjekk på kryss og tvers av kvarandre. Til Dag og Tid fortel ho at avslaget på søknaden om uføretrygd i 2012 var grunngjeve med at det ikkje var prøvd ut arbeidsretta tiltak, altså tilrettelagt arbeid for å få vurdert om ho hadde såkalla restarbeidsevne.

Då ho hausten 2014 hadde vore gjennom to månader med arbeidsretta tiltak og fått ei vurdering som sa at helsesituasjonen hennar ikkje var foreinleg med å stå i arbeid, fekk ho tilbakemelding frå Nav om at ho måtte få diagnosen sin stadfesta frå universitetssjukehuset ho sokna til, før Nav kunne vurdere søknaden igjen, seier ho.

Og då nevrologisk avdeling på sjukehuset hadde stadfesta at ho mest truleg var varig ufør, var beskjed ho fekk, at Nav ikkje ville vurdere uføresøknaden så lenge ho framleis oppheldt seg i Spania.

Av informasjonen ho har gjeve Dag og Tid, går det også fram at ho har opplevd at vurderingane ho har fått frå rådgjevande legar i Nav, går imot vurderingane frå hennar eigne legar. Legane hennar både i Noreg og i Spania meinte alt før ho søkte uføretrygd i 2012, at ho ikkje var arbeidsfør, og at ho var for sjuk til at det var føremålstenleg med vidare utgreiing eller yrkesmessig attføring. Den rådgjevande legen i Nav meinte på same tid at den medisinske dokumentasjonen hennar var utilstrekkeleg, og etterlyste mellom anna utgreiing frå revmatolog.

Våren 2013 var ho til vurdering ved revmatologisk avdeling ved universitetssjukehuset, og ein lege der konkluderte med at ho ikkje ville kunne fungere i jobb, og at det heller ikkje fanst behandlingstiltak som kunne gje nemneverdig betring og endring i arbeidsevna hennar.

Då saka hennar nokre månader seinare på nytt vart lagd fram for rådgjevande overlege i Nav, fekk ho derimot igjen tilbakemelding om at funksjonsevna hennar ikkje var avklart. I ei seinare melding frå Nav vart denne vurderinga frå overlegen òg referert slik: «Det ble lagt til grunn at dine plager var av subjektiv karakter gjennom flere år uten objektive funn.»

Aldri i tvil

Alle rundane med Nav og den økonomiske uvissa og stresset som følgde av at ytinga brått vart stoppa, gjorde henne sjukare, også psykisk utsliten, fortalde ho i tingretten. Ho kvidde seg etter kvart for å sjekke e-post, hente posten og logge seg inn på nettsidene til Nav for å sende meldekort. Ho vart til og med kvalm og uvel berre av å sjå den raude logoen til Nav, sa ho i tingretten. Så ille vart det at ho i 2014 bad om at all kontakt frå Nav til henne skulle gå via ektemannen. Han fekk e-postadressa hennar over på telefonen sin, og ho fekk seg ei ny, som berre dei næraste fekk vite om, for ho var redd Nav skulle få tak i den òg.

– Det høyrest jo litt rart ut at det går å knekkje eit menneske så mykje, men det har dei klart, sa ho i tingretten.

Frå godkjenninga til å vere i Spania med arbeidsavklaringspengar gjekk ut, og fram til 2015, hadde kvinna drege fram og tilbake mellom Noreg og familien i Spania for å ikkje miste høve til å kunne søkje ytingar. Under vitneforklaringa si sa ho at Nav hadde fortalt at ho måtte ha utbetalt i alle fall 2000–3000 kroner i månaden for ikkje å miste medlemskapen i folketrygda for resten av livet. Etter å ha fått tilbakebetalingskravet i 2015 våga ho derimot verken å søkje om meir eller å ha meir kontakt med Nav, seier ho til Dag og Tid.

Ho var likevel aldri i tvil om at ho hadde rett på ytingane: Under studietida hadde ho studert juss. Fyrst offentleg rett og så EØS-rett, og ho var heilt usamd i at ho skulda noko. Difor skreiv ho heller aldri under på tilbakebetalingskravet, og då politiet ringde to år seinare, leksa ho opp for dei om at det var Nav som hadde gjort mange feil, og at det var Nav som skulda henne pengar, seier ho til Dag og Tid.

Politimeldinga gjekk likevel sterkt innpå henne, og ho vart sjukare. Ho klarte ikkje å ta telefonen då politiet ringde igjen, ringde dei heller ikkje tilbake og svara ikkje på meldingar. Ektemannen måtte be politiet ta eit steg tilbake og slutte å ringje. Han fortalde at ho sleit slik med helsa at det var dagar då ho ikkje orka å stå opp frå senga, og at behandlinga ho hadde fått av Nav, hadde gjort henne så ustabil psykisk at han frykta for livet hennar.

Dragkampane hennar med Nav råka òg familien på andre vis, fortalte ho i tingretten. Ho synte til at billånet nokså raskt gjekk til inkasso då arbeidsavklaringspengane brått vart stoppa seks månader i 2011. Då pengane forsvann att hausten etter, måtte familien også selje huset sitt i Noreg. For å forsørgje familien på berre éi inntekt, jobba ektemannen meir, og var meir borte, og familien hadde mindre fritid saman til å finne på ting, fortalde ho i tingretten.

Etter politimeldinga våga kvinna heller ikkje å reise tilbake til Noreg. Ho seier ho var redd for å verte pågripen. Då far hennar fekk hjarteproblem og hamna på sjukehus i 2018, fekk ho såleis ikkje vitja han.

Då Nav-skandalen vart kjend hausten 2019, fekk ho, via advokat, sjølv sytt for at politimeldinga vart lagd vekk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg stilte på alle møta eg fekk vite om, og gjorde alt eg hadde fått beskjed om.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis