Det gode mot det vonde

No når krigen er i gang, er det solidaritet i Israel, seier Gilead Sher, ein hard kritikar av Netanyahu-regjeringa.

Israelske panservogner nær grensa mellom Israel og Gaza 12. oktober. Bakkeinvasjonen er så vidt i gang.
Israelske panservogner nær grensa mellom Israel og Gaza 12. oktober. Bakkeinvasjonen er så vidt i gang.
Publisert

– Dei som kritiserer Israel for krigføringa i Gaza, forstår ikkje kva konflikten handlar om. På eine sida står ein terroristorganisasjon, og på andre sida står Israel, eit levande demokrati. Dei to sidene er ikkje like. Vi prøver å utslette vondskapen, seier Gilead Sher.

Han er jurist og tidlegare fredsforhandlar for Israel og var stabssjef i arbeidarpartiregjeringa til Ehud Barak i 2000–2001. Sher har òg nådd rangen som oberst i det israelske forsvaret.

I israelsk kontekst er han ein liberalar på den moderate venstresida: ein tilhengjar av ei tostatsløysing og ein hard kritikar av Netanyahu-regjeringa gjennom mange år. Men Sher er samd med statsministeren i éin ting: Hamas må knusast. Krigen som følgde etter terroråtaket 7. oktober, har ifølgje helsestyresmaktene i Gaza teke kring 8500 palestinske liv til no.

Eit skaka land

– «Etter 7. oktober vart Israel eit anna land», skreiv du i Foreign Affairs denne veka. Kva inneber dette?

– Hamas-åtaket var den første gongen sidan staten Israel vart oppretta, at ein fiendtleg styrke tok kontrollen over ein del av landet. Israelske sivile var utan vern mot fienden i mange timar og vart utsette for brutale overgrep frå terroristar. Hundrevis av sivile vart massakrerte, seier Sher.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement