Det globale kappløpet mot botnen
Kor mykje makt bør Nederland, Bermuda og Jersey ha over skattenivået i Noreg?
Skatteparadisa har på nytt kome på den internasjonale dagsordenen, og soga byrjar å bli velkjend: Gigantselskap som Google,AppleogStarbucks betaler lite eller ingenting i skatt i dei fleste landa dei opererer i – til dømes Noreg. Ved hjelp av mange underselskap, internfakturering og andre triks slusar storselskapa overskotet sitt ut via land med minimal skattlegging. Og medan kriseråka europeiske statar må kutte hardt i velferdsordningane, og millionar av offentleg tilsette misser jobbane sine, er pengebingane til dei fleirnasjonale selskapa større enn nokon gong.
Skattepraksisen til dei fleirnasjonale selskapa «undergrev skattegrunnlaget i mange land og trugar stabiliteten til det internasjonale skattesystemet», sa Angel Gurria, generalsekretær i OECD denne veka.
Men skatteparadisa årelèt statane også på ein indirekte måte. Sidan lågskattelanda alltid ligg der som ei mogleg fluktrute for kapitalen, blir også meir «normale» statar pressa i retning av lågare selskapsskatt. Alle land ønskjer jo å trekkje til seg investeringar som kan gje aktivitet og arbeidsplassar. Men resultatet blir at statane underbyr kvarandre i eit sørgjeleg spel der storselskapa uansett blir vinnarane – og vanlege skattebetalarar i alle land må bere ein større del av skattebøra enn rimeleg er.
Kutt, kutt, kutt
I nesten alle dei rike landa har skatten på overskot i selskap blitt monaleg redusert sidan midten av 1980-åra. Den gjennomsnittlege skatteprosenten for overskot i OECD-landa har gått ned frå 33 til 23 prosent berre frå 2000 til 2012. 33 av 36 OECD-land reduserte skatten på selskapsoverskot i denne perioden.
Det høyrer med til soga at dei fleste landa i same periode har innskrenka høva til skattefrådrag, så tapet av skatteinntekter er ikkje så stort som reduksjonen i skatteprosenten kunne tilseie. Men tendensen mot skattelette for selskapa er likevel tydeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.