«Det finn vi ut av etter krigen»
Mange ukrainarar øver seg i optimistisk sjølvsensur og vil ikkje høyre dårlege nyheiter. Men Russlands angrep har etterlate spor overalt – også i økonomien, som er i ein katastrofal tilstand.
Anastasia (4), varmer seg på eit bilete av den kjende gatekunstnaren Tvboy i Kyiv 29. januar 2023.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Wien: Når sosiologiprofessoren Mykhajlo Vynnytsikyj forlet kontoret sitt ved Kyiv-Mohyla-akademiet og går ut på gata, står han midt i den romantiske, noko forfalne bydelen Podil. Her glir Dnipro brei og roleg forbi hamneanlegg og badestrender, privilegert ungdom kjem hit for å gå på fest, og eigedomsbaronane har for lengst grabba til seg godbitane med tanke på ei kommande gentrifisering av det populære området. Men no har lysta til å byggje nytt tapt seg, ikkje berre i sjølve sentrum av byen.
Det blir stadig festa på klubbane i Podil, men ofte med levande lys og utan elektronisk musikk, for straumbrota kjem for hyppig. Livsgleda er den same som før. Ja, det er krig, seier Vynnytsikyj muntert på telefonen, men no skal han ut og ete med ein kollega, og på plassen framfor høgskolen hans står folk i kø til tre kebabutsal og ein kaffibar. Eit glimt av normalitet midt i galskapen?
For å kunne leve med terror og angst, valdtekter og bortføringar, bomber og falne, forklarer sosiologen, har det ukrainske samfunnet utvikla sjølvsensur som meistringsstrategi: Ein snakkar helst om dei gode nyheitene, dei dårlege blir ignorerte. Ofte høyrer ein at folk seier: «Det finn vi ut av etter krigen.»
Produksjon utgjer berre 30 prosent av den ukrainske økonomien, mens service, små og mellomstore bedrifter, jordbruk og teknikk utgjer 70 prosent; mange verksemder har flytta til den vestlege delen av landet, IT-bransjen har til og med opplevd moderat vekst – så det finst faktisk også nokre få gode nyheiter, seier Vynnytsikyj. Han treng nok litt oppmuntring sjølv òg.
Fattigdomen aukar
Men i røynda er den ukrainske økonomien i ein katastrofal tilstand. Det veit sjølvsagt også sosiologen, som forskar på korleis økonomiske strukturar verkar inn på det ukrainske samfunnet. Alle veit det. I kvardagslivet kan ein sjå, lukte, høyre og merke det: lyden av sirenene når russiske dronar på nytt nærmar seg byen, dei sundbomba husa, det svake internettet. Varmeforsyning og straum fell stadig ut, generatorane durar overalt. Flyktningar kjem aust- og sørfrå og veit ikkje når eller om dei nokon gong kan reise heim att. Talet på fattige aukar, særleg på landsbygda. Sparekontoane er tomme, suppekjøkkena fulle. Det er lenge sidan han har stått fast i trafikken, seier Vynnytsikyj. Det tyder på at byen, til forskjell frå det borgarmeisteren Vitalij Klitsjko har hevda, ikkje er full av folk som har vendt tilbake.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.