Kommentar
Det farlege folket
I scenaria til Forsvarets forskingsinstitutt ligg trugsmåla mot demokratiet i det lettpåverkelege folkedjupet.
I eitt av FFI-scenarioa blir motstand mot EØS-avtalen i Noreg forsterka og utnytta av ei fiendtleg makt. Biletet viser ein demonstrasjon mot avtalen i Oslo i 1992.
Foto: Morten Holm / NTB
Truleg er soga alt kjend for dei fleste, men vi tek eit kort resymé: Kommunaldepartementet tinga i 2021 rapporten Scenarioer for uønsket påvirkning i forbindelse med norske valg frå Forsvarets forskingsinstitutt. Da kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik fekk resultatet, mislikte han det sterkt. I ein av dei tenkte situasjonane i rapporten prøvar ei fiendtleg makt å «isolere Norge fra det europeiske fellesskapet», og jobbar i det skjulte for å «forsterke proteksjonistiske og nasjonalistiske holdninger» og drive fram ei folkerøysting om EØS-avtalen i Noreg.
Dette fall tidlegare Nei til EU-leiar Gjelsvik tungt for brystet. Han meinte rapporten mistenkjeleggjorde legitim EØS-motstand. «Hvis forskere ønsker å presentere slike argumenter for EU og EØS, kan de melde seg inn i en organisasjon eller et politisk parti, i stedet for å pakke inn det i en forskningsrapport», sa Gjelsvik til Nationen sist fredag. Han nekta å publisere rapporten på nettsidene til departementet, før han snudde på måndag.
Handteringa av saka fekk nær unison kritikk i pressa. Geir Ramnefjell, politisk redaktør i Dagbladet, kalla statsråden «en fare for demokratiet». «Under en slik ledelse står Norge dårlig rustet til å takle en fremmed stats forsøk på å påvirke oss», skreiv VG på leiarplass. Statsråden sikra dermed rapporten ein langt større lesarkrins enn forfattarane kunne drøymt om. I tillegg skreiv Dagens Næringsliv onsdag at Gjelsvik tidlegare har vore aktiv på Facebook-gruppa «Nei til EØS-EU-Schengen-ACER», der konspirasjonsteoriar ikkje er uvanlege. Ikkje ei bra veke for Gjelsvik, dette.
Men denne saka fortel om meir enn dømekrafta til statsråden. FFI-rapporten og ordskiftet dei siste dagane seier òg noko om forståinga av makt og demokrati i krinsar tett på regjeringa – og i kommentaravdelingane i dei største avisene.
Det er skjønleg at forfattarane av rapporten vart provoserte av skuldingane frå Gjelsvik. Scenarioet der ei framand makt fyrer oppunder EØS-motstanden i Noreg, var ikkje ein påstand om at Nei til EU går fiendens ærend. Det var ein fiksjon som skulle vise kva mekanismar fiendtlege krefter kan bruke til å manipulere opinionen for å nå visse mål. Slike scenario kan vere nyttige til mange føremål. Men å kalle scenarioskriving for forsking, er å tøye omgrepet ein smule. I beste fall kan slike fantasiar vere forskingsbaserte.
Mange har tolka saka som eit spørsmål om akademisk fridom. Fagsjef Eskil Sivertsen ved FFI, ein av forfattarane, har gått høgt på banen: «At en statsråd ikke vil publisere en uavhengig forskningsrapport fordi han ikke liker innholdet, bryter med grunnleggende prinsipper for uavhengig forskning, åpenhet og offentlighet», sa han til NTB denne veka. «Kommunalministeren svekker tilliten til uavhengig forskning», skreiv Dagsavisen på leiarplass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.