Det er typisk norsk å fortena det
Ski-VM i Seefeld er ein stor og velregissert nasjonal og medial triumf med bismak.
Den tappert kjempande, astmaplaga og uthaldande småbarnsfaren Martin Johnsrud Sundby vart verdsmeister i 15 km klassisk for menn i Seefeld onsdag.
Foto: Tore Meek / NTB scanpix
Norske vinnarar skal ikkje berre vinna, dei skal også ha fortent å vinna. Dei skal ikkje koma lett til det; dei skal ha gjort ein ærleg jobb, kjempa hardt, lagt ned ein enorm arbeidsinnsats, vore tolmodige og audmjuke.
Etterpå skal dei med grautete røyst seia at det var så sinnsjukt at det er vanskeleg å setta ord på det. Dei skal tona ned sin eigen innsats og takka alle som har vore der for dei: mamma og pappa, brørne, kjærasten, psykologen, smørjarane, trenaren og heile støtteapparatet.
Til det skal dei pårørande tørka tårene og seia at utøvarane har seg sjølve å takka for at dei får betalt for slitet. Til og med morfar Høsflot sa om fenomenet Johannes, som tapte innspurten i overmot i Kuusamo, men vann Tour de ski, som opplevde frustrerande stavbrekk og fall i NM og var på rusletur med skibyte på tremila i Seefeld, men var tilbake med Klæbo-rykket på sprinten: «Han har slitt!»
Ekstra godt TV var det då trenaren braut saman i gråt etter det overraskande Røthe-gullet på tremila. Han måtte ta eit minutts pause før han sa at ingen fortente dette meir enn den snille og tapre vossingen som hadde så store ryggplager at han var like ved å legga opp i fjor – før denne Kristen Skjeldal-kloninga fekk rett diagnose og gymnastikkmatte til å rulla rundt på.
Og så Martin Johnsrud Sundby frå Røa! Hanhar jo slite like hardt og lenge som Brå-med-staven før han fekk fortenestemedalje i gull.
Me sportsidiotar har fått mykje medisinsk kunnskap med på kjøpet. Utan Røthes plager hadde me ikkje lært om radiografisk aksial spondyloartritt (rSpA), ein variant av Bekhterevs sjukdom. Utan Sundby hadde me visst mindre om dosering av astmamedisin; utan Johaug hadde me ikkje kjent dopmiddelet clostebol på leppene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.