Krig

Det er på tide å leggje tomatar og frykt under lok

I landsbyen Lazarivka luktar morgonane alt av haust. Så snart sola står opp, dampar det av markene. Jorda, som har samla fukt gjennom natta, byrjar gje fukta frå seg på grunn av styrken i solstrålane.

Her skaper dei ikkje berre eineståande protesar for tidlegare soldatar, dei byggjer òg opp att sjølvtillit og tru på framtida, skriv Andrej Kurkov.
Her skaper dei ikkje berre eineståande protesar for tidlegare soldatar, dei byggjer òg opp att sjølvtillit og tru på framtida, skriv Andrej Kurkov.
Publisert

Vityja Drozd fører dei tretten sauene sine ut på enga. Han bind den eine til eit tre ved enden av beitemarka, resten held seg i nærleiken og nappar gras ved den bundne broren til Vityja kjem og hentar dei.

Vita er om lag femti år gamal. I 2015 vart han mobilisert. Han slost i Donbas i to år. Han var glad for å kunne vende attende til landsbyen i levande live og utan skade. Han har vore bonde heile tida sidan.

Kona hans, som er engelsk­lærar ved ein landsens skule, gjer no skulen i stand til det nye skuleåret. Saman med kollegaene sine målar ho veggane i klasseromma og reparerer vindauga.

Kona mi, Elisabeth, er forarga: Kvifor får ikkje skulen tak i profesjonelle arbeidarar? Men skulen har ikkje råd til arbeidsfolk. Mindre reparasjonar har alltid blitt utførte av anten lærarar eller foreldre til skuleungane.

Slik var det i sovjettida, slik er det no. Dersom eit russisk missil hadde råka skulen, ville staten ha funne pengar til reparasjonar.

Men landsbyen Lazarivka har vore heldig. Her høyrest eksplosjonar berre når det ukrainske militæret skyt ned russiske missil med kurs for Kyiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement