Det er noko urovekkjande over taktløysa til kong DonaldDen ukultiverte framferda til Trump fyrer oppunder allmenn uhøflegheit og skuggar for den økonomiske suksessen hans.
Den ukultiverte framferda til Trump fyrer oppunder allmenn uhøflegheit og skuggar for den økonomiske suksessen hans.
Er det berre eit spørsmål om tid før Trump, til liks med Hawthornes King George, vert sett springande rundt i Rose Garden i nattdrakta si i ein freistnad på å berge Melania frå ein imaginær storflaum?
I Alan Bennetts skodespel The Madness of George III vert Storbritannia råka av ei politisk krise når monarken misser vettet. Du hugsar kan hende den framifrå tolkinga til Nigel Hawthorne i rolla som kong George i filmversjonen, i byrjinga utrøytteleg, om noko oppfarande, i utøvinga av kongelege plikter, men så vart han brått vilt og ravande galen.
«Eg snakkar og snakkar og snakkar», fortel han dronninga i ein klår augneblink. «Eg høyrer orda, så eg må jo ha snakka dei.» Og di meir forvirra kongen blir, di meir truleg vert det at plassen hans blir overteken, om så berre som prinsregent, av den storvomma eldste son hans.
Historikarar held fram med å diskutere om galenskapen til George III var resultatet av blodsjukdomen porfyri eller ein annan plage. Bennett gjer framlegg om – utan tvil fantasifullt, men det gjer seg i dramaet – at den eigentlege årsaka var sjokket frå opprøret i dei amerikanske koloniane («a paradise ... lost»).
Vel, det som går rundt, kjem att. For i desse dagane er det i USA spørsmålet vert stilt stadig hyppigare: Er statsleiaren galen blitt? I ei ny bok, The Dangerous Case of Donald Trump, åtvarar 27 psykiatrar og andre ekspertar på psykisk helse – inkludert Judith Lewis Herman ved Harvard Medical School og Bandy Lee ved Yale School of Medicine – om at «ingen som er så psykisk ustabil som Mr. Trump, burde få den makta over liv og død som høyrer presidentembetet til».
Gløym alt om Robert Muellers Russland-etterforsking og utsiktene til riksrett mot Trump om demokratane vinn fleirtal i Representanthuset i mellomvala neste november. I desse dagane funderer det liberale USA over paragraf 25 i grunnlova, som slår fast at dersom visepresidenten og eit fleirtal av regjeringa informerer Kongressen skriftleg om at presidenten er «ute av stand til å utføre dei oppgåvene og pliktene som høyrer embetet til», då tek Mike Pence over. Og om Trump insisterer på at han er OK, heilt OK, kan han bli sett til sides av to tredjedels fleirtal i begge husa.
Galenskapen til kong Donald er ikkje noko nyhende i Washington. Men inntil for eit par veker sidan handla det i Storbritannia om at Trump var slem, ikkje galen. Så retvitra presidenten tre meldingar frå nestleiaren av fascistgruppa Britain First, kvar av dei viste ein video med siktemålet å skildre islamsk vald.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.