Det er langt frå Florida til Førde Om ein skal overføra globale vyar til Noreg, er det nødvendig å dela på 10 eller 100.
Om ein skal overføra globale vyar til Noreg, er det nødvendig å dela på 10 eller 100.
Økonomiske modellar som er utvikla i USA, er ikkje nødvendigvis tenlege for norske byar som Førde.
Foto: Ronny Spaans
Vertinna arbeider i ein konferanseutsett sektor. Ho minnest ein glødande konsulent med mange powerpointar på ein konferanse om stadutvikling for kommunane i regionen.
– Kva hadde han for bodskap?
– At me måtte bli meir opne, kreative og innovative og satsa på dei tre T-ane: teknologi, talent og toleranse.
– Slo det an?
– Eg minnest ein nyfrelst og oppglødd rådmann frå ein kraftkommune med fleire millionar enn menneske. Han skrytte av at dei hadde fått kafé med C, breiband, inkubator i den nedlagde trevareverkstaden og to tilflytta homsar med idear og tiltakslyst. Så om dei nå berre fekk statleg tilskot og ein privat investor, ville det ta heilt av.
– Kva har det kome ut av dette?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.