Sport

Der skulle vi ha vore

Det er 24 år sidan Steffen Iversen heada ballen over José Francisco Molina. Ekstrem underprestering, seier Nils Johan Semb om det norske herrelandslaget i tiåra som føgde.

HØGT OPPE: Frå kampen mellom Albania og Spania i EM-gruppe B i Düsseldorf 24. juni. Albanske Berat Djimsiti headar, spanske Joselu ser på.
HØGT OPPE: Frå kampen mellom Albania og Spania i EM-gruppe B i Düsseldorf 24. juni. Albanske Berat Djimsiti headar, spanske Joselu ser på.
Publisert

Europameisterskapen i fotball går sin gang i Tyskland. Utan Noreg. I 2000 var Nils Johan Semb første norske landslagssjef som deltok i eit EM-sluttspel for menn. Det var òg siste gongen herrelandslaget i fotball var i eit sluttspel. Frå 2009 til 2018 var Semb toppfotballsjef, sidan da har han vore fotballkommentator.

– Eg reknar med at du følger med på fotball-EM. Sit du heime på garden din og ser?

– Eg var så heldig å vere i Tyskland ei veke og fekk sett ein del kampar der. Men no er eg heime. Vent litt! Eg har fått ei skjor inn i huset. Eg ringer deg attende så snart eg har fått ho ut.

Semb legg på, og ringer eit par minutt seinare.

– Fekk du ho ut?

– Eg trur det. Eg ser ho i alle fall ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement