Der religion og nasjon er eittWARSZAWA: Det mest katolske og konservative landet i Europa i dag var ein gong det mest liberale og opne.

WARSZAWA: Det mest katolske og konservative landet i Europa i dag var ein gong det mest liberale og opne.

Sovjetisk og amerikansk påverknad side om side i Warszawa
Sovjetisk og amerikansk påverknad side om side i WarszawaSovjetisk og amerikansk påverknad side om side i Warszawa
Publisert

Eg er i hovudstaden i eit land som i dag er meir katolsk enn Italia og Spania. Det er ein vanleg måndag i arbeidstida, men 150 menneske har funne vegen til ei heilt ordinær føremiddagsmesse i Santa Anne-kyrkja i gamlebyen i Warszawa. Fleirtalet er kvinner, mange eldre og ein god del unge. Det som dominerer gudstenesta, er korkje songen til kyrkjelyden eller preika til presten, men den messande samhandlinga dei imellom, eit langsamt og hypnotisk formular frå alteret som kyrkjelyden repeterer, ikkje fem eller ti, men hundre gonger: «Herre, sjå i nåde til oss».

Somme sit med eit bønekjede, ein rosenkrans. Dei fleste sit for seg sjølve. Folk pratar ikkje med kvarandre. Det er ikkje kyrkjekaffi etter messa. Ein og ein forlèt dei kyrkja.

Men éin stad er det lågmælt tale, uhøyrleg for oss andre. Dei som sit ytst på benkane til høgre, har sett seg nær skriftekammeret. Straks ei kjem ut og går attende til benken, er det ei anna som reiser seg, bøyer seg inn den låge døra og tek sete i skriftestolen. Fleire av dei unge kvinnene har sett seg til høgre.

Polakkar er stolte av at kyrkja deira no har større oppslutnad enn i noko anna større europeisk land. I Polen bur det nær 40 millionar menneske. I opphavssoga deira vart landet og kyrkja fødd samstundes, 14. april 1966.

Grensa

Polen deler landegrense med sju land og havgrense med Sverige. I sjømil er ferjereisa frå Ystad til Swinouiscie som frå Kristiansand til Hirtshals, men det ligg eit verdshav mellom eit Sverige der to av fem trur på Gud og eit Polen der fire av fem gjer det. Medan ni av ti polakkar er tilslutta kyrkja, har oppslutnaden om den svenske kyrkja på ein generasjon sokke frå 95 prosent til 60.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement