Kommentar
Der nazismen vart forsona med keisarriket
Garnisjonskyrkja i Potsdam skal byggjast opp att, 50 år etter at ho vart riven av DDR-regjeringa. Det opnar mange kjenslevare spørsmål om fortida.
Postkort som minnest Potsdam-dagen 21. mars 1933, med Adolf Hitler, Hindenburg og Fredrik den store, med garnisonskyrkja i bakgrunnen.
At bygningar kan vere symbol i tre og stein, veit vi alle. Frå slott til katedralar, frå festningar til rådhus, frå enkle bustader til gigantiske skyskraparar – alle er dei evigvarande avtrykk frå historia.
For ikkje å tale om byplanar, ofte i kryssingspunktet mellom det monumentalt statsbyggjande (Ringstrasse i Wien), det politisk medvitne (Hausmanns gaterevisjonar i Paris for lettare å kunne kvele oppstandar) og det ornamentalt nasjonsbyggjande (Karl Johan i Oslo).
Nytt innhald
Ofte må slike historisk minne restaurerast. I statar med mykje historie – somme vil seie for mykje historie – som Tyskland, vil restaureringsprosjekt av denne typen alltid bere med seg ein tung arv.
Tenk berre på keisarslottet i Berlin, sprengt i lufta av DDR-styresmaktene i byrjinga av femtiåra. Dette slottet, krigsskadd, var symbolet på det autokratiske, wilhelmske Tyskland og den prøyssiske militarismen.
No vert dette slottet restaurert på staden der DDRs asbestfylte Volkspalast stod. Med gamal klassisistisk fasade, men med nytt innhald. Palasset skal verte museum for verdskulturane, basert på dei store samlingane Berlin-musea har liggjande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.