Departementet ynskjer inga detaljeregulering– Vi skal regulere det vi må, på rett nivå, men ikkje meir, skriv kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

– Vi skal regulere det vi må, på rett nivå, men ikkje meir, skriv kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Publisert

Kommunalminister Monica Mæland skriv i eit e-brev at regjeringa vil at bustadmarknaden skal fungere best mogeleg, og at dei vil at så mange som råd skal kunne eige bustaden sin. I Noreg eig dei fleste heimen sin, og bustadmassen er jamt over av god kvalitet her i landet. Dei ynskjer ikkje å detaljregulere.

– Føremålet med byggteknisk forskrift er å stille minimumskrav til kva kvalitetar ein bustad skal ha. Viktige føremål er helse, miljø og tryggleik. Vi skal regulere det vi må, på rett nivå, men ikkje meir. Det er ikkje alle gode føremål eller bustadkvalitetar som skal regulerast. Det er store skilnader i kva folk ynskjer. Somme vil ha god plass til oppbevaring og sollys, andre vil heller ha ei lita leilegheit nær kafear og parkar. Bustadkjøparane må etterspørje dei kvalitetane dei meiner er viktige, og byggjenæringa må tilby det kjøparane vil ha, skriv ho.

I samband med revisjonen av plan- og bygningsloven av 2008 blei gjeninnføring av kommunal bygningskontroll vurdert. Høyringsinstansane gjekk klart imot og meinte det var viktigare å styrkje tilsyn og uavhengig kontroll, medan det er aktørane sjølve som må ta ansvar for byggjefeil med meir.

– Kompetansen, kapasiteten og rolla kommunane har i dag, vil seie at det korkje er mogleg eller ynskjeleg å gå tilbake til ei ordning med kommunal kontroll slik vi hadde for 20 år sidan, skriv Mæland.

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som mellom anna skal vurdere om dagens ordning med sentral godkjenning av føretak bør vidareførast. Utvalet skal også vurdere om det finst andre løysingar som er betre for å sikre forsvarleg byggkvalitet, tydeleg plassering av ansvar og kvalifiserte aktørar i byggjeverksemda. Utvalet skal levere innstillinga si i 2019, opplyser ho.

I tillegg foreslår regjeringa no at seljarar ikkje skal kunne ta «som han er»-atterhald ved bustadhandel. Dei konstaterer at avgrensa eller ulik informasjon i ein bustadhandel kan gi store konsekvensar både for kjøpar og seljar. Derfor vil dei fremje tiltak for best mogleg informasjon om bustaden før kjøp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement