JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den ufullenda planen til Jacques Delors

Den sams valutaen i EU skulle berre vere starten på ein verkeleg føderasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingen president i EU-kommisjonen har brukt posisjonen sin meir effektivt enn Jacques Delors gjorde. Biletet er frå 1994, året før han gjekk av.

Foto: Reuters / NTB scanpix

2716
20200626
2716
20200626

peranders@dagogtid.no

Knapt nokon einskildperson har prega EU så sterkt som Jacques Delors, som var president for Europakommisjonen frå 1985 til 1995. Delors var den store pådrivaren for både den indre marknaden og for den monetære unionen som var grunnlaget for innføringa av euroen. Medan utviklinga av EF-samarbeidet i dei første tiåra hadde vore prega av små steg, var Delors ein tilhengar av store sprang.

Både den indre marknaden og den monetære unionen skulle bidra til å skape vekst i Europa etter stagnasjonen i 1970- og 80-åra. Å fjerne handelshindringar av ymse slag innanfor EF var relativt liketil, men ein valuta­union var verre. I 1970-åra hadde kommisjonen fått laga tre rapportar som greidde ut spørsmålet om ein slik union. Alle konkluderte med at sams valuta føresette ein langt tettare føderasjon, med felles skattar og eit mykje større felles budsjett enn det EF hadde i 70-åra. Og noko slikt var politisk umogleg.

Jacques Delors vart leiar for kommisjonen i 1985, og han såg annleis på saka. Det var fullt mogleg å starte med penge­unionen og byggje ut dei andre føderale strukturane etter kvart, meinte han. Ved avgangen sin i 1995 slo han fast at Europa var på ein irreversibel veg mot ein sams valuta. Og den sams valutaen var ikkje berre essensiell på grunn av dei fordelane valutaen kom til å gje i seg sjølv, sa Delors, «men fordi han ikkje kan eksistere utan motstykket sitt i ei europeisk regjering».

Også andre EU-entusiastar såg på euroen som eit steg på vegen mot ein politisk union. Den tyske utanriksminister Joschka Fischer sa til dømes dette i 1999: «Introduksjonen av ein felles valuta er ikkje først og fremst ei økonomisk, men heller ei (...) politisk handling.» Fischer peika på at prosessen langt frå var fullenda. Kontrasten mellom den felles valutaen og mangelen på felles politiske og demokratiske strukturar kunne skape spenningar i ei ikkje så fjern framtid, åtvara han. Andre sette sin lit til at krisene skulle drive fram utviklinga dei ønskte.

I 2001 sa Romano Prodi, som da var president for EU-kommisjonen: «Eg er sikker på at euroen vil presse oss til å innføre nye reiskapar i den økonomiske politikken. Det er politisk umogleg å foreslå det no. Men ein dag kjem det ei krise, og nye reiskapar vil bli laga.»

Til ein viss grad slo dette til. Finanskrisa i 2008 og gjeldskrisa etterpå tvinga fram nokre nye reiskapar i EU-systemet. Den europeiske sentralbanken har til dømes fått langt større fullmakter og har blitt mykje mektigare undervegs. Men framleis er euroen ein valuta utan ein stat, med alt det inneber av problem.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis