Den tyske energi-okkupasjonen
Dette er Noregs lagnad som Europas grøne reservebatteri: vindturbinar i rørt natur.
Monsterturbinane spreier seg ut over landet og strekkjer sg mot himmelen.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix
Sidan sist påske har eg fått ein ny hyttegranne i dalstrøka innafor: ei formidabel monstermast i prangande raudt og kvitt, eit heienes Notre-Dame som viser til noko som er høgare enn oss: Die Energiewende.
Kraftbransjen oppgraderer turbinane og rustar opp leidningsnettet til overføringskablane til kontinentet. Det blir ein autobahn til Tyskland med trafikk begge vegar: Dei får vasskraft når nedbøren er rikeleg her; me får kolkraft og kraft frå vind og sol som ikkje kan lagrast der. Den store draumen er å bruka slik overskotskraft til å pumpa vatn opp att i regulerte kraftmagasin, slik at det kan brukast fleire gonger.
KRAFTLINER har eg vent meg til, og det skulle berre mangla: Hadde det ikkje vore for dei store vasskraftprosjekta, ville desse heiene aldri hatt vegar og vore tilgjengelege for andre enn dei få. Det har også gitt varige konsesjonsinntekter til grisgrendte og fattige kommunar.
Men nå er ei ny tid i emning. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tar med omtrent alt av heier i indre Agder og dalstrøka innanfor på kartet over 13 område som er veleigna til store vindmølleparkar. Det er fordi det blæs mykje der, fordi det ikkje er store naturverdiar, og fordi det er kort veg til utanlandskablane.
Om nokre år kan synsranda vera fylt av vindmøller og heiene fulle av vegar og planerte platå for dei himmelhøge turbinane. Og kommunane får ikkje anna att enn litt eigedomsskatt – så lenge det varer.
BYRÅSJEFEN meiner Spaltisten høyrer til den førre generasjonen, er sneversynt og talar for si eiga sjuke hei. Er det noko me har nok av i dette landet, så er det villmark og natur som få har glede av likevel. Litt visuell forureining og støy må ein finna seg i dersom me kan yta vår skjerv for å berga klimaet. Noko anna ville vera nasjonalsjåvinistisk. Sjølv tykkjer Byråsjefen at vindmøller er ein pryd i landskapet, eit symbol på vekst, framgang og solidaritet i klimakrisetider.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.