Sideblikk
Den tredje vegen blir stadig breiare
SV har repetisjonsøvingar om Nato. Raudt står klar til å overta rolla som utanriksopposisjon.
Dagen etter stortingsvalet i fjor feira partileiar Bjørnar Moxnes og første nestleiar Marie Sneve Martinussen at Raudt kom over sperregrensa.
Foto: Heiko Junge / NTB Foto: Heiko Junge / NTB Foto: Heiko Junge / NTB
Det postrevolusjonære Raudt har vakse formidabelt etter at dei sprengde sperregrensa. Partiet har fotfeste i forskeria og velferdsstatens utdanna sjikt, og det kjem tilsig frå vanleg arbeidarklasse og prekære lenger nede ved bordet.
RAUDT HAR OMSKAPT seg til noko anna enn AKP(m-l) og Raud Valallianse, og det er meir enn eit hamskifte. Nokre gamle kadrar er reinska ut, men fleire har måla seg i vernefarge og funne plass i hornet på veggen, utan å ta ordet «revisjonisme» i sin munn. Éi blei sjefredaktør i Aftenposten, og éin er riksbibliotekar.
Etter 15 år er Raudt i konfirmasjonsalderen, og etter eige val er partiet foreldrelaust. Der andre leitar fram ein Sverdrup, ein Bondevik, ei Gro, ein C.J. Hambro og ein Willoch, har Raudt retusjert sine opphavsmenn. Moxnes vil vera i sanntid utan å dra med seg fortida. Pål Steigan, som lenge hadde det høgaste politiske nivået, har funne ein konspiratorisk og historisk søppelhaug for seg sjølv.
DEN NYE SPESIALØVINGA er å henta fram skrota forslag frå LO, Arbeidarpartiets program eller Hurdalsjøplattforma. Det er ein komfortabel posisjon, for det er mykje å ta av for eit parti som ser seg som ei høgrøysta vaktbikkje som tør der andre teier.
Om dei dreg fram referansar, er det gamle hovdingar i Arbeidarpartiet. Den raude herolden Mímir Kristjánsson har skrive bok om Martin Tranmæls metode då arbeidarrørsla nedkjempa ytre høgre. Når han gir råd om vegen vidare, stiller han spørsmålet: «Hva ville Gerhardsen ha gjort?»
Om ein ser bort frå at Gerhardsens marsjordre på Kråkerøy var å knusa kommunistane, har Raudt skaffa seg ny partibunad, der «kommunisme» er sett i semantisk parentes. Raudt tar ikkje mål av seg til å vera eit nytt SF/SV, ein hakkespett som pikkar Arbeidarpartiet i øyret. Dei dagdrøymer om å overta Arbeidarpartiets historiske rolle som breitt folkeparti og vinna folkefleirtalet på parlamentarisk vis – utan væpna revolusjon og proletariatets diktatur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.