Den sure svien
Gonorésmitten her til lands har skote i vêret.
Bakterien Neisseria gonorrhoea. Illustrasjon: Giovanni Cancemi / Shutterstock / NTB
Etter den søte kløen kjem den sure svien. Og no for tida er svien kanskje ekstra sur, om ein skal tru helsestyresmaktene: bekkensmerter, piggtråd i urinrøret og eit høgst uønskt sekret frå underlivet. Om ein er riktig uheldig – infertilitet.
Namnet på utysket er gonoré, eller dryppert på folkemunne. Denne litt mystiske seksuelt overførbare sjukdomen aukar no aggressivt, spesielt i den heterofile delen av befolkninga. Det gjev grunn til uro, meiner fagfolka.
Eksplosivt
– Auken vi ser no, fortener verkeleg å verte skildra som eksplosiv, særleg auken vi ser blant heterofile kvinner.
Det seier lege ved Sex og samfunn og forfattar av boka Gleden med skjeden, Nina Brochmann. Og ser ein på tala, er det mykje som tyder på at ho har rett.
I april i år la Folkehelseinstituttet fram den årlege rapporten Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner. Aller størst er auken i aldersgruppa 20–24 år. Medan talet på registrerte tilfelle av gonoré var 1857 i 2022, har det auka til 2985 i 2023. Det tilsvarar ein auke på 61 prosent sidan 2022, og 438 prosent sidan 2021. Slik som i 2022 var det flest menn som var smitta, og aller høgast er talet på smitta blant menn som har sex med menn. Men førekomsten aukar mest blant kvinner (121 prosent frå 2022).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.