JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den sure svien

Gonorésmitten her til lands
har skote i vêret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bakterien Neisseria gonorrhoea. Illustrasjon: Giovanni Cancemi / Shutterstock / NTB

10392
20240524

Gonoré

Ein seksuelt overførbar sjukdom som kjem av den gramnegative gonokokkbakterien Neisseria gonorrhoea.

Oppdaga av legen Albert L.S. Neisser (1855–1916), som i 1897 fann bakterien i utflod frå urinrøret til pasientane sine.

Ofte symptomfri, men om sjukdomen gjev symptom, er det svie ved vasslating, kraftig utflod frå penis eller vagina og bekkensmerter.

Ubehandla kan gonoré føre til bekken- og bitestikkelbetennelse, i verste fall infertilitet.

Aukar kraftig i aldersgruppa 20–24 år.

Albert L.S. Neisser (1855–1916).

Helse

pernille@dagogtid.no

Etter den søte kløen kjem den sure svien. Og no for tida er svien kanskje ekstra sur, om ein skal tru helsestyresmaktene: bekkensmerter, piggtråd i urinrøret og eit høgst uønskt sekret frå underlivet. Om ein er riktig uheldig – infertilitet. 

Namnet på utysket er gonoré, eller dryppert på folkemunne. Denne litt mystiske seksuelt overførbare sjukdomen aukar no aggressivt, spesielt i den heterofile delen av befolkninga. Det gjev grunn til uro, meiner fagfolka.

Eksplosivt 

– Auken vi ser no, fortener verkeleg å verte skildra som eksplosiv, særleg auken vi ser blant heterofile kvinner. 

Det seier lege ved Sex og samfunn og forfattar av boka Gleden med skjeden, Nina Brochmann. Og ser ein på tala, er det mykje som tyder på at ho har rett.

I april i år la Folkehelseinstituttet fram den årlege rapporten Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner. Aller størst er auken i aldersgruppa 20–24 år. Medan talet på registrerte tilfelle av gonoré var 1857 i 2022, har det auka til 2985 i 2023. Det tilsvarar ein auke på 61 prosent sidan 2022, og 438 prosent sidan 2021. Slik som i 2022 var det flest menn som var smitta, og aller høgast er talet på smitta blant menn som har sex med menn. Men førekomsten aukar mest blant kvinner (121 prosent frå 2022). 

No som gonoré er på oppsving, vil det seie at klamydia er på vikande front? Om det berre var så vel. I fjor registrerte Folkehelseinstituttet over 28.000 klamydiatilfelle. Ifølgje overlege Anne Olaug Olsen ved Folkehelseinstituttet er det all grunn til å uroe seg også over klamydiasmitten, som har lege vedvarande høgt i mange år. Når gonoré likevel har fått mest merksemd dei siste åra, er det fordi han spreier seg raskt – og fordi infeksjonen er «hissigare», med potensial til å gi alvorleg infeksjon. 

Kvikksølv 

Gonoré er på ingen måte ein ny sjukdom. Faktisk har forskarar funne teikningar av det som minner om gonoréliknande symptom, innrissa på assyriske steintavler. På dei medisinsk-historisk viktige Ebers-papyrusane frå det gamle Egypt har ein også funne illustrasjonar som indikerer at folk sleit med gonoréliknande plager – utan at det er mogleg å konkludere sikkert.

«Gonoreen blomstra på 70-
talet. Dei unge er ikkje dårlegare enn foreldre- eller besteforeldregenerasjonen til å beskytte seg.»

Nina Brochmann, lege og forfattar

Nina Brochmann, lege i Sex og samfunn og forfattar. Foto: Astrid Waller

Frå 1500-talet og fram til bakterien som fører til gonoréinfeksjon, vart identifisert i 1879, var det vanleg å sjå symptom på gonoré som ein variant av syfilissmitte, som ved sida av tuberkulose var ein av dei vanlegaste – og mest frykta – sjukdomane i den viktorianske perioden (ca. 1820–1914). 

Difor var det også vanleg, tilrådd til og med, at smitta pasientar med det som sannsynlegvis var gonoréinfeksjon, vart sette på kvikksølvkur for å få bukt med problemet. Kvikksølv i ulike former – til dømes eit liniment med det sofistikerte namnet mercurialsalve – var nemleg det gjævaste innan behandling av syfilis og ei rekkje andre sjukdommar, fram til seint på 1800-talet, då ein etter kvart la merke til at pasientane vart forgifta av denne «vedundermedisinen». 

«Raritet» 

Gonoré har dei siste 40 åra vore ein lite utbreidd infeksjon i befolkninga generelt, særleg blant kvinner. I 1998 skreiv epidemiologen Preben Aavitsland, den gong tilsett ved Statens institutt for folkehelse, ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening med tittelen «Gonoré – fra folkehelseproblem til raritet». Her synte han at målretta tiltak frå helsestyresmaktene – screening, smitteoppsporing og effektiv éindosebehandling med antibiotika – hadde sett ein effektiv stoppar for gonoréepidemien, som i 1975 låg på over 14.000 tilfelle årleg. 

Frå 1994 og til om lag 2010 låg talet jamt på under 10 tilfelle per 100.000 innbyggjarar, før tala steig fram til i overkant av 30 tilfelle per 100.000 i 2019, og deretter til om lag 10 tilfelle i 2021, venteleg som ei følgje av den sosiale distanseringa under covid-19-pandemien. 

Men så endra trenden seg. Frå 2021 til 2023 auka talet til over 50 tilfelle per 100.000. Kor gjekk det gale? 

Postpandemi 

Folkehelseinstituttet overvaker utviklinga av gonorésmitten i Noreg tett og har gjort det over fleire år. Olsen seier at instituttet registrerte ein smittetopp ved gjenopninga av samfunnet etter pandemien, om lag ved skule- og studiestart. 

Det er lett å sjå føre seg at einsemd og mangel på kroppskontakt kan føre til at nordmenn vart ekstra frivole i tida som følgde etter gjenopninga av samfunnet. Men om auken i kjønnssjukdomar generelt, og gonoré spesielt, berre kom av gjenopningsentusiasme, hadde ein forventa ein dupp no, nokre år etter, meiner Brochmann. Når tendensen er motsett, indikerer det at årsakene til auken er meir samansette. 

Er det då slik at unge rett og slett er mindre seksuelt ansvarlege enn før? Til tider vert det hevda, som oftast frå dei eldre generasjonane, at ungdom er meir uforsiktige når det gjeld sex. Det meiner Brochmann er ein urettferdig påstand. 

– Gonoreen blomstra på 70-talet. Dei unge er ikkje dårlegare enn foreldre- eller besteforeldregenerasjonen til å beskytte seg. 

Oppfatninga hennar finn støtte i tal frå organisasjonen RFSU, som arbeider for seksuell helse i den nordiske befolkninga. I ei undersøking frå 2023 synte dei at kondombruken blant nordmenn har gått opp dei siste åra. Blant dei mellom 21 og 35 år svarte 49 prosent at dei har brukt kondom det siste året, og i aldersgruppa 16–20 var talet 65 prosent. Omtrent 48 prosent av respondentane svarte ja på om dei brukte kondom sist gong dei hadde sex med ein ny partnar, mot 37 prosent i 2022 og berre 22 prosent i 2019.

Ein annan forklaringsmodell ein ofte ser, er at unge, og spesielt unge kvinner, har fleire partnarar enn før. Men ser ein på tala frå dei nasjonale seksualvanestudiane, har dei lege stabilt i mange år: Dei fleste nordmenn har relativt få seksualpartnarar i løpet av livet. 

Ein studie av seksualvanar frå Folkehelseinstituttet mellom 1987 og 2002 syner at mediantalet for seksualpartnarar heldt seg relativt stabilt, mellom fem og sju for menn, og mellom fem og seks for kvinner. Det samsvarar med Seksualvaneundersøkelsen frå 2020, der forskarar ved Universitetet i Oslo fann at mediantalet for partnarar gjennom heile livet var sju for menn og seks for kvinner, blant personar mellom 18 og 89 år. 

Kor representativ undersøkinga frå 2020 er, er vanskeleg å vite, både fordi ho vart gjennomført under pandemien, og fordi aldersspennet i undersøkinga er så stort at det er vanskeleg å seie noko om åtferda i den gruppa der smittetrykket no er høgast. 

Olsen peiker på at ein kanskje kan gå ut ifrå at unge i gruppa 20–24 har hyppigare partnarbyte samanlikna med dei som er eldre og meir etablerte. Når ein så smittsam sjukdom som gonoré først får fotfeste i denne gruppa, får han gode «vekstvilkår», fortel ho, fordi bakterien er så smittsam. 

Anne Olaug Olsen er overlege ved Folkehelseinstituttet.

Foto: FHI

Testing, testing 

Brochmann seier at hennar erfaring er at unge i dag generelt er ganske ansvarlege. Ho trur ein av grunnane til auken, særleg blant kvinner, er ein kombinasjon av at dei jamt over er betre til å teste seg enn heterofile menn, samstundes som dei har lettare for å verte smitta. 

Det er nemleg slik at om kvinner har samleie med ein mann som er smitta av gonoré, vil smitten verte overført i 50 til 70 prosent av tilfella. Menn, derimot, vert berre smitta i 20 til 30 prosent av tilfella. Samstundes får kvinner sjeldnare symptom – så mykje som halvparten av dei er asymptomatiske etter smitte. 

Jamt over testar kvinner seg rutinemessig, berre fordi dei har hatt samleie utan beskyttelse, medan menn gjerne testar seg først når dei har fått symptom, generelt sett. Og, legg Brochmann til, jamt over er homofile menn mykje betre på å teste seg enn heterofile menn.

– Om kvinner oftare hadde fått symptom når dei vart smitta, ville vi kanskje hatt betre smittekontroll, seier Brochmann. 

Resistens 

Tidlegare, meiner Olsen, var oppfatninga at klamydia ikkje var farleg så lenge ein var flink til å teste seg. Har kanskje unge same innstilling til gonoré: ikkje så farleg så lenge ein fangar det opp? Det kan i beste fall vere problematisk, i verste fall katastrofalt. 

Ikkje berre fordi uoppdaga gonoréinfeksjon kan føre til kroniske smerter, men fordi han gjev hissigare infeksjonar enn mange andre kjønnssjukdommar. Difor vert også risikoen for seinverknader, som infertilitet, større ved gonoré enn ved klamydia. I tillegg medfører gonoré i større grad bruk av breispektra antibiotika. 

– Gonoré er i ein heilt annan liga, seier Brochmann. 

I tillegg, og dette er ifølgje Olsen ei tikkande bombe: Gonokokkbakterien vert i aukande grad multiresistent mot antibiotika. Om slike bakteriestammer spreier seg i Noreg, får vi eit kjempeproblem, seier ho.

Førebels har helsestyresmaktene kontroll. 

– Så langt har vi ikkje hatt nokon tilfelle av gonoré i Noreg som vi ikkje har klart å behandle – heldigvis. 

Og her peiker ho på eit anna problem med aukande smitte: Det krev meir ressursar å følgje opp og behandle smittetilfella og kontaktane deira. Samstundes krev det stor innsats i laboratoria, fordi flest mogleg av dei som testar positivt, i tillegg bør testast for resistens for å vite at behandlinga vil vere effektiv. Per no vert ikkje alle bakterieprøvene testa for resistens, delvis fordi ein ikkje får tatt oppfølgingsprøver av alle, og fordi det kan vere vanskeleg å få til ei god nok bakteriedyrking av gonokokkbakteriane. 

Kjelder: 

Årsrapport 2023, Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner, Folke­helseinstituttet, 2023

Anne Olaug Olsen og Åse Haugs­tvedt: «Gonoré hos unge – et varsko», Tidsskrift for Den norske
legeforening, 2023

Flemming, Rebecca: The Hidden Affliction: Sexually Transmitted Infections and Infertility in History, University of Rochester Press, 2019

Folkehelseinsituttet: Gonoré, faktaside

RFSU: Kondomundersøkelsen 2023

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis