Den store trygdefreistinga
Ein ny dom frå EFTA-domstolen endrar lite. Norsk trygdeeksport til EØS-landa må halda fram.
Lat oss freista å setja oss i ein polakks situasjon og tenkja så--kalla hypotetisk: Av ein eller annan ukjend grunn har Sverige brått vorte ein ekstremt rik nasjon, ingen andre i verda har nokon gong opplevt noko liknande. Dette har sjølvsagt løyst ut ein grasat stor byggje-aktivitet. Du, ein hardarbeidande nordmann og snikkar med årsløn på 500.000, får tilbod om ei stilling frå Skanska som gjev deg tre millionar kroner i årsløn for å byggja hus. Du tek sjølvsagt stillinga. Du er ung og treng peng-ane.
Men etter kvart oppdagar du at det ikkje er så billeg å bu i verdas rikaste og beste land. Dess-utan saknar du familien. Du held ut i tre år. Så dreg du heim ein tur. Der går du til ein lækjar du kjenner. Han seier at du har fått ein ryggskade. Han gjev deg ei sjukmelding. Den sjukmeldinga sender du til den svenske trygde-kassa. Ryggen kjennest ikkje betre ut, dessutan likar du deg heime i Noreg med ei sjuketrygd på tre millionar. Sjukmeldinga vert forlengd. I eitt år hevar du svenske pengar.
Så finn du og lækjaren ut at du framleis er sjuk, du dreg ein tur til ein svensk lækjar som seier seg samd, og etter litt fram og tilbake, får du svensk uføre-trygd. Du er tretti år. I 37 år hevar du svensk uføretrygd. Fyrste året får du to millionar i året, men for kvart år fram til du er 67, stig trygda i takt med svensk lønsutvikling. Og jamvel om du etter kvart vert heilt frisk, bryr ikkje den svenske trygdekassa seg med helsa di. Ansvaret for å kontrollera eller ikkje å kontrollera ligg nemleg hjå den norske lækjarvenen din.
Kvifor i alle dagar vil svenske skattebetalarar gå med på noko slikt? Av di dei har skrive under ein avtale som har konvergens som mål, at skilnaden i levestandard mellom land skal viskast ut. Lat oss kalla avtalen EØS-avtalen. Dømet høyrest kan henda litt søkt ut, det er det òg. Men om du er polsk snikkar og har tenkt deg til Noreg, er det likevel interessant.
Ny EFTA-dom
I midten av mars i år sa EFTA-domstolen at Noreg måtte betala svensken Stig Arne Jonsson norsk arbeidsløysetrygd etter at han gjekk arbeidslaus i eitt år i 2008. Domen fekk ein del merksemd sidan det var den norske staten som hadde anka ein dom frå Trygderetten, som hadde kome til det same som EFTA-domstolen. Johnson var såkalla grensearbeidar, han pendla frå Sverige medan han arbeidde i Noreg. Den 2. mai gav den norske regjeringa etter og sa at dei ikkje vil anka domen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.