¿ Den store ryddesjauen
Ingen har oversikt over dei komande kostnadene med oppryddinga på norsk sokkel. Utgiftene kan gå på oljefondet laus.
Berre betongbeina står att etter Frigg-plattforma. Produksjonen på Frigg-feltet vart avslutta i 2004, og oppryddinga var over i 2010.
Photo: Total E&P Norge A/S/Norwe
Femti år etter det første oljefunnet på Ekofisk er den norske petroleumsalderen langt frå over. Men middagshøgda er passert, og det kjem til å bli ei særs kostbar affære å rydde opp etter oljefesten. Brønnar skal pluggast, installasjonar på havbotnen skal hevast, plattformar skal fjernast, røyrleidningar skal dekkjast til. Alt dette er dyrt, og i dei neste tiåra kan desse kostnadene krympe petroleumsinntektene til den norske staten monaleg.
Oljeselskapa står sjølve ansvarlege for utgiftene til oppryddinga på kvart felt, men 78 prosent av kostnaden kan trekkjast frå på skatten. I tillegg er staten sjølv ein stor felteigar på norsk sokkel gjennom eigarskapen i Equinor og Petoro. Dermed kjem nesten alle ryddeutgiftene til å redusere inntektene til staten og/eller avsetjinga til Oljefondet. Ein skulle tru at kostnadene med avslutninga av gamle felt burde ha stor interesse for norske styresmakter. Men slik ser det ikkje ut til å vere.
Ingen offentleg institusjon ser ut til å ha laga noko overslag over dei samla framtidige ryddeutgiftene på norsk sokkel. Dag og Tid har kontakta Olje- og energidepartementet, Oljedirektoratet og Finansdepartementet, og ingen av dei har rekna på dette. Heller ikkje Norsk olje og gass, bransjeforeininga til oljeindustrien, har laga noko totalanslag for kostnadene ved avslutning av felt på norsk sokkel. Oljedirektoratet har berre tal for dei neste fem åra og reknar då med avslutningskostnader på til saman 36 milliardar kroner på norsk sokkel. Men dette er småtteri samanlikna med ryddejobben som kjem dei neste tiåra.
Stort spenn
Truleg er dei mange ukjende variablane ein grunn til at mange vegrar seg for å anslå totalkostnadene med å avslutte petroleumsverksemda. Ingen felt er like, det kan kome tekniske nyvinningar som reduserer kostnadene dramatisk, krava til opprydding kan bli strengare eller slakkare, og ingen veit korleis kostnadsbiletet blir om 10 eller 20 år. Og dei få som har våga å tenkje høgt om dette, har da òg eit svært stort spenn i anslaga sine.
Ein av dei er Frian Årsnes, direktør for olje og gass i konsulentselskapet ECON. Totalkostnaden for oppryddinga på sokkelen kan bli ein stad mellom 1200 og 2500 milliardar kroner, sa Årsnes til bladet LO Ingeniør i 2016.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.