Kommentar

Den språklege friksjonen

Normert tale eller dialekt i nyhende­sendingane til NRK? Ja takk, båe delar.

Tidlegare NRK-journalist Christian Borch kritiserer dialektbruken i NRK i ei ny bok.
Tidlegare NRK-journalist Christian Borch kritiserer dialektbruken i NRK i ei ny bok.
Publisert

Dersom all PR er god PR, har Christian Borch og Cappelen Damm vore heldige: Den ferske boka Bak kulissene har vore nemnd ei rad gonger i ulike medium den siste veka. I boka skriv Borch mykje om internasjonale tilhøve, men det som har skapt debatt, er utsegnene hans om dialektbruk i riksdekkjande nyhendesendingar.

«Lokaldialekter», skriv Borch, «er som sand på skøytebanen og hindrer fri flyt». I Dagsnytt 18 måndag 17. april nytta han eit liknande metaforisk uttrykk: «Journalistens oppgave er å gjøre seg maksimalt forstått, friksjonsfritt godt forstått.» Ein som ikkje lukkast med slik friksjonsfri formidling, om me skal tru boka, er USA-korrespondent Lars Os: «Han snakker en dialekt som er spesiell inntil det ubegripelige.»

Når nokon skildrar språkbruken til andre som friksjon og hinder, blinkar det raudt i alle varsellampene mine. Med det meiner eg ikkje at det er feil å vera oppteken av forståeleg språk. Og eg veit godt at folk har ulik kjennskap til dei norske dialektane. Men kven er det som har så god oversikt at dei på vegner av oss alle kan slå fast kva som skapar friksjon? Ingen, etter mi meining, men nokre har sjølvtillit til å gjera det.

Borch høyrer dessutan til kategorien «språkkunnig menneske som skriv riksmålsnært bokmål og har (lagt seg til) eit talemål som ligg nær det skriftmålet». Eg må orsaka den sure eimen av gamal målstrid som no slo imot oss. Men det er relevant. Er det noko som er sårt og opprørande for folk, er det å få kommentarar om det «markerte» språket sitt frå representantar for det «umarkerte» språket. Eller å sjå at andre får slike kommentarar.

Når det gjeld sjølve saka, er det nok mange som er samde med Borch. I nokon mon er eg det sjølv. Til liks med Noregs Mållag meiner eg at det normerte nynorske talemålet gjer nynorsk meir tilgjengeleg for alle som bur i Noreg, og at me må ta vare på dei få arenaene der det vert nytta. Stundom nyttar eg sjølv normert nynorsk i føredrag og anna.

Det siste er nok typisk. Eg gissar at dei mest ihuga forkjemparane for normert tale er folk som er i stand til å tala normert sjølve. Sjåarar og lydarar flest toler fint nokre avvik frå norma, særleg dei yngre generasjonane, som er oppvaksne etter dialektbylgja i 1970-åra. Å dytta folk som ikkje har norsk som fyrstespråk, framfor seg, skal ein vera varsam med: Denne store gruppa finst i alle delar av landet og talar alle slags dialektar, til og med «spesiell» østerdalsdialekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement