Den siste indianarenOrdet «indianar» skal ryddast ut av sidene i Store norske leksikon. – Termen har ein rasistisk undertone, seier ekspert på amerikanske urfolk, Lars Kirkhusmo Pharo.

Ordet «indianar» skal ryddast ut av sidene i Store norske leksikon. – Termen har ein rasistisk undertone, seier ekspert på amerikanske urfolk, Lars Kirkhusmo Pharo.

Ein europear utkledd som amerikansk urfolk ved ei sportstilstelling i Tyskland. Vi kunne ha skrive «indianar», men det frårår Store norske leksikon.
Ein europear utkledd som amerikansk urfolk ved ei sportstilstelling i Tyskland. Vi kunne ha skrive «indianar», men det frårår Store norske leksikon.
Publisert

Kvite europearar har gjeve urfolket i Amerika mange namn gjennom hundreåra. Namna endra seg etter kva oppdagarar urfolket kom i kontakt med.

Dei norrøne oppdagarane kalla dei innfødde dei møtte i Vinland, skrælingar. Det tyder skrale folk – altså tunne og skrøpelege menneske. Skrælingar brukar vi sjølvsagt ikkje lenger. Det er ein term som no berre vert nytta i historiske samanhengar.

For om lag fem hundre år sidan kom det atter europeiske oppdagarar til det amerikanske kontinentet. Christofer Columbus sette fot på Bahamas-øyane i Karibia i oktober 1492. Vi kjenner soga godt. Columbus tenkte han hadde funne snarvegen til India, opphavslandet til krydder og andre rikdomar; han gav dei innfødde namnet «indianarar».

Sidan har det dukka opp andre namn òg på dei innfødde, som «raudskinna» og «raudhuda».

Men no har Store norske leksikon fått nok. Det skal ryddast opp i oppslagsverket: Namn vi vestlege har gjeve på urfolket, skal fjernast frå sidene.

– Det handlar ikkje berre om at «indianar» er eit ord med rasistisk valør. Det handlar om å bøte på kunnskapsløyse. Nordmenn held fana høgt for menneskerettar, men heng langt etter andre land når det gjeld å rydde opp i upresis, diskriminerande språkbruk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement