Den siste fiskehandlaren

I mange hundre år er det vorte handla med fisk i Ravnkloa. No er det slutt for den tradisjonsrike fiskehandelen.

Ketil Rismark viste prins Sverre Magnus råvarene då kongefamilien var på besøk i 2016.
Ketil Rismark viste prins Sverre Magnus råvarene då kongefamilien var på besøk i 2016.

I rett line midt mellom Nidarosdomen og Munkholmen, heilt nede ved Trondheimsfjorden, ligg Ravnkloa. I fleire hundre år har Ravnkloa vore sentrum for fiskehandelen i Trondheim. På 1800-talet føregjekk til og med mykje av torghandelen i byen her.

Då eg var liten, var det til Ravnkloa farfar og andre trondheimarar drog for å kjøpe fiskekakene sine. Men frå nyttår er det slutt for den tradisjonsrike fiskehandelen.

Ketil Rismark har drive fiskebutikken i Ravnkloa i over 40 år. Han er i ferd med å pakke saman utstyret då Dag og Tid ringjer.

– Sørgjeleg for byen, meiner han.

Grunnen til at Rismark legg ned, er enkel. Folk nyttar ikkje tilbodet lenger. Rismark meiner det er altfor lite interesse for god fisk blant folket.

– At folk har vorte så opptekne av lokal kvalitetsmat, er berre svada. Kanskje er det viktigare for folk å gå på fine restaurantar for å ta bilete av det til sosiale medium. Men dersom berre ein liten prosent av dei som gjer det, kom til oss, hadde vi enno kunna drive vidare, seier han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement