JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norskirakarar og norskiranarar protesterer mot æresdrap i Noreg, 30. april 2002, i kjølvatnet av drapet på Anoose Sediq Ghulam i Kristiansund. Den gongen mente demonstrantane at norske styresmaktar var heilt passive i møte med æresrelatert kriminalitet.

Cornelius Poppe

7618
20240322
7618
20240322

Æresvald

pernille@dagogtid.no

Den 24. januar melde NRK at 2023 var eit rekordår for såkalla æresrelatert kriminalitet, og lanserte ein Brennpunkt-dokumentar om temaet same dag.

Dokumentaren synte vonde historier. Jenter med innvandrarbakgrunn eit, to eller tre ledd bakover i tid vert utsette for alvorlege overgrep. Trugsmål, drap, mishandling. Kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Felles for overgrepa er at dei, ifølgje overgriparane, er naudsynte for å gjenreise familiens ære.

Spydspissen i æreskulturen er sosial kontroll, forma som vondsinna ryktespreiing. Omgrepet er uløyseleg knytt til ein streng seksualmoral. Det viktigaste er korleis jenter og kvinner representerer familien, dei ber æra til familien på skuldrene. I dei strengaste miljøa kan rykte om kontakt med motsett kjønn utan løyve vere nok til å generere represaliar.

Teikn i tida

Boka Æresrelatert kriminalitet, som Einar Haakaas melde i Dag og Tid førre veke, kom ut 19. mars. Ho er skriven av Terje Bjøranger og Gunnar Valentin Svensson, som har nærare tretti års erfaring med tematikken frå arbeidslivet. Svensson som politioverbetjent, Bjøranger som politiadvokat, begge med lang røynsle frå Kripos.

For ordens skuld: Vi intervjuar Bjøranger som forfattar, ikkje som representant for påtalemakta.

Trass i at boka treffer tidsånda med millimeterpresisjon, avviser Bjøranger at tidspunktet for sleppet var koordinert med nyhendebiletet.

– Ei lærebok om æreskriminalitet har vore etterspurd lenge, og vi tok til å skrive alt i sommar, seier han.

Boka er, ifølgje forfattarane sjølve, meint for «alle» som vil lære meir om æreskultur. Likevel har ho eit lærebokpreg, mynta som ho er på offentlege etatar som politi, barnevern, Nav og rettsvesenet, i tillegg til politikarar og journalistar. Med lærebøker skal vondt fordrivast.

Terje Bjøranger er ein av forfattarane bak ei ny bok om æreskriminalitet.

Foto: Linda Hindrum

Gamalt nytt

Debatten om æreskriminalitet blussar opp ved kvart nye tilfelle og følgjer eit føreseieleg mønster: I nokre veker er presseoppslaga tallause. Media, interesseorganisasjonar og offentlege etatar krev handling.

Handlingane kjem i form av politiske lovnader. Pene ord, skrivne med etos, patos og logos, vert til handlingsplanar, rapportar og NOU-ar. Alt i 1998 fekk vi den første handlingsplanen mot æreskriminalitet. Nokre raske undersøkingar syner at argumenta som prega ordskiftet då, ikkje har endra seg nemneverdig.

Frå den lange karrieren i politiet, barnevernet og Utlendingsdirektoratet veit Bjøranger kvar skoen trykkjer: i førstelina. I samanhengen vil det seie dei offentlege etatane som politikammera, Nav-kontora, helsetenesta og barnevernet.

– Diverre har dette temaet ikkje vore ein del av utdanninga i førstelina. Erfaringane våre er at arbeid med å motverke æreskultur kjem i små drypp, men at ei heilskapleg satsing lèt vente på seg.

Det lèt ikkje til at trongen til det styresmaktene kallar kompetanseheving, er ukjend. Sist i 2021 la regjeringa Solberg fram handlingsplanen «Frihet fra negativ sosial kontroll og æreskultur 2021–2024» frå Kunnskapsdepartementet og sju andre departement. I punkt to, «Kunnskap og kompetanse for et helhetlig hjelpetilbud», finn ein ordet «kompetanseheving» i omtrent kvart einaste tiltakspunkt. Det var ikkje måte på kor mykje kompetanse som skulle hevast. Då verkar det smått utruleg at ting går så tregt som Bjøranger antyder.

– Handlingsplanane vert ikkje følgde opp med styrking av etatane som først får nyss om kva som skjer, eller er i ferd med å skje, med ofra. Boka freistar å avhjelpe dette.

Han trur manglande forståing for emnet på politisk nivå, kombinert med manglande erkjenning av kor mykje ressursar som trengst, gjer at førstelina tapar kampen om midlar. Så eit hjartesukk:

– Dei som vert utsette for fysisk og psykisk vald og tvangsekteskap, får livet sitt øydelagt. Dei har krav på same rettsvern som alle andre, men det har dei ikkje i dag slik den politiske situasjonen er.

«Det er ingen vinnarar i desse miljøa, berre taparar.»

Terje Bjøranger, forfattar og politiadvokat

Berøringsangst

Kvifor har vi ikkje kome lenger? Bjøranger trur det handlar om berøringsangst. Også det eit velkjent tema. I 2017 heldt tankesmia Agenda ei panelsamtale med representantar frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) og Likestilling Inkludering Mangfold (LIM). Omgrepet berøringsangst vart nemnt mange gonger.

Vinteren 2024 er ordskiftet til forveksling likt det i 2017. I Debatten på NRK 30. januar skulda journalisten Anders Magnus venstresida for å vere feig i møte med tematikken, for ikkje å ta oppgjer med islam, som han meiner dannar grunnlag for ukulturen. To dagar tidlegare skreiv han i Nettavisen at «(...) fordi denne religionen heter islam, tør man ikke kritisere, da kan man bli beskyldt for å være islamofob».

Magnus Marsdal frå tankesmia Manifest Analyse tok til motmæle i Nettavisen, først 31. januar, seinare 7. februar. Retorikken til Magnus ville berre føre til ytterlegare stigmatisering, meinte Marsdal. Denne utanforskapskjensla veit konservative religiøse krefter å nytte strategisk til å radikalisere ungdomen. Også dagleg leiar i LIM, Sarah Gaulin, snakka om berøringsangst då Dag og Tid intervjua ho 2. februar.

Forfattarane vegrar seg for å setje likskapsteikn mellom æreskultur og islam. Dei skriv likevel at dei strenge kjønnsrollene konservativ islam forfektar, kan rettferdiggjere handlingar med rot i æreskultur. Dei er merksame på at nokre vil føle seg støytte av det dei skriv.

– Nokre vil meine kritikken av tradisjon og kultur er utidig. Særleg grupper som har eit anna etnisk opphav enn majoriteten.

Bjøranger ordar likevel frampå om at han er samd i Marsdals tolking.

– Æreskultur er, og har vore, eit tema prega av polarisering. Vi som storsamfunn har ikkje teke nok eigarskap til diskursen. Dermed har andre grupper fått lov til å styre forteljinga.

Førebygging og oppgjer

Tilbake til manglande rettsvern. Ifølgje Bjøranger handlar manglande bukt med problemet ikkje om ei slunken juridisk verktøykasse.

– Vi har i hovudsak dei heimlane vi treng, både i straffelova og elles.

Men grunnlinja manglar både ressursar til å utdanne seg i temaet og midlar nok til å følgje opp sakene.

Bjøranger meiner skulen må verte betre rusta til å fange opp æreskriminalitet. Korleis skal det fungere, når lærarar alt har for lita tid til å undervise?

– Lærarar skal ikkje vere sosionomar eller barnevernspedagogar. Men dei må kjenne si plikt til å avverje vald og overgrep, det er poenget mitt. Og det må politisk vilje til.

Det verkar likevel urettferdig berre å peike på førstelinetenestene. Ikkje sjeldan er det desse som får unngjelde når debatten blussar opp, ikkje minst i NRK-dokumentaren, som peikte ut ein enkelt leiar i barnevernet i Oslo. Når skaden alt har skjedd, er det lett å peike på kvar det gjekk gale, i etterpåklokskapens lys.

– Handlingsplanane har vore retta mot hjelpeapparata, men vi kjem ikkje nokon veg utan meir merksemd mot førebyggjande arbeid. Styresmaktene må jobbe saman, vere resolutte i arbeidet sitt.

Men mest av alt meiner Bjøranger at dei som er skuld i æresrelatert vald og kriminalitet, må endre åtferd.

– Trur du dei som held oppe strukturane, fedrar, onklar, brør, kjenner på det som eit val?

– Eg trur dei opplever det som ein rett og ei plikt. Men at også overgriparane vert utsette for press, er tydeleg. Dei vert tvinga inn i roller som kontrollørar og valdsutøvarar. Også det er overgrep.

– Det er ingen vinnarar i desse miljøa, berre taparar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis