Sideblikk
Den rustne kjærleiken til Amerika
USA er stadig stort og farleg mektig, men står på randa av eit sivilisasjonssamanbrot.
President Donald Trump då han talte til tilhengjarane sine på eit valkampmøte i Michigan tysdag denne veka.
Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB
Den som er frå Kysten Lindesnes Åna-Sira og dalstroka innafor, må ha eit amerikansk oppheng. Få har eit syskjenbån på Gjøvik, men mange har fleire i Amerika. Til utpå 1960-talet var Kristiansand fjernare enn Brokklin, der ein hadde slekt og kjenningar som hjelpte nykomarar til rette med ein stad å bu og jobb i byggebransjen: Florlegging og freiming var ettertrakta og godt lønt arbeid. Heimsleg mat og prat fekk ein på Lista avenue og Lapskaus boulevard, på barar, i sjømannskyrkja og i nærområda i Bay Ridge, der ein trefte fleire sambygdingar og medkonfirmantar enn på gata i Flekkefjord og Farsund.
Nå har Brooklyn skifta ham og etnisitet eit par gonger. Dei norske spora er ein aldersheim og ein butikk som sel lutefisk og kompe på postordre. Dei norske etterkomarane har spreidd seg over heile USA, slik at Spaltisten har meir eller mindre nær familie i aust og vest, i byar i rustbeltet og pensjonistkoloniar i Florida.
Det ikkje-assimilerte fleirtalet som ikkje hadde grodd faste røter, reiste heim då arbeidsvilkår og sosiale tilhøve blei betre på denne sida av dammen, men banda er sterke og synlege, og me høyrde cowboymusikk på Voice of America. Då Trond Moi opna restaurant i det nedlagde samslakteriet i heimbygda, kalla han pizzaen «Steven og Stanley». På benkane utanfor kiosken i sentrum sit dongerikledde karar med boots og amerikansk pensjon. Det kan bli ein hyggeleg og nostalgisk prat, men ein må vara seg, for dei lever i restane av den amerikanske draumen og har sterke meiningar og klare meldingar – ikkje minst om innvandring og Trumps misjon.
ME SOM IKKJE elskar Amerika (lenger), har vore prega av antiamerikanisme sidan borgarrettsrørsla, Vietnamkrigen og den kalde krigen og nå følgjer Thomas Seltzers turbomareritt av eit samfunn i forfall, kjem likevel ikkje frå at me er snikamerikaniserte. Både dei sunnaste og sjukaste sidene ved amerikanske samfunnsforhold, kultur og politikk smittar over på norske talemåtar og plattformer. Me kopierer amerikanske posisjoner og fører våre eigne motsetningar på avvege. Det amerikanske formar oss, om me vil eller ikkje. Derfor er presidentval i USA vel så viktig som eit norsk stortingsval.
NARSISSISTEN TRUMP er ein twitrande og omreisande klovn med sikker hand om 40 prosent av veljarane. Etter fire år med politisk makt spelar han framleis rolla som ein businessmann utanfrå som kjempar mot sumpen av politikarar som berre pratar og ikkje får jobben gjort. Den persondyrkande veljarflokken ser på han som ein sannseiar, og halvparten av dei trur han er Guds utvalde som er send for å redda USA frå utlendingar, gudløyse, pedofili og barbari. Og han stod opp frå koronaen tredje dagen.
Skittkastinga går begge vegar. Amerikanske hovudstraumsmedia og satirikarar overgår kvarandre i å idiotforklara Trump og forakta tilhengarane hans, utan å få tak på kva som rører seg på den anti-elitistiske grasrota. Han er ein parodi, men den gjensidige fordumminga er eit politisk sivilisasjonssamanbrot: When they go low, we go as low.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.