Historie
Den raude banden som herja med Danmark
Blekingegadebanden forsynte palestinske terroristar med pengar og våpen frå væpna ran og innbrot.
Dagen etter drapet på ein politimann i Købmagergade i København 4. november 1989, vart det halde minnestund. Drapet skjedde under eit ran og vart byrjinga på slutten for Blekingegadebanden.
Det hende for 50 år sidan, 9. desember 1975, på Nørrebro, sentralt i København. To vektarar vart overfalne og robba for ein halv million kroner. Ifølge ein av vektarane var ransmennene «høge, unge og atletiske». Dei bar militære gassmasker og forsvann som ånder i ein fillehaug.
Ranet vart aldri oppklart. Mange indisium peikar like fullt mot ei gruppe unge venstreradikale menn, dei fleste frå forstaden Gladsaxe. Dei vart i ettertid kjende som Blekingegadebanden. Namnet fekk dei etter gata der det hemmelege hovudkvarteret deira vart oppdaga etter mange års politijakt.
Katt og mus med politiet
I nærmare to tiår leika dei raude røvarane katt og mus med politiet, medan dei stal våpen, slo ned vakter og rana postkontor og varehus, bankar og pengetransportar. Rana gjekk stort sett føre seg i København-området, alltid med same utfallet: Dei maskerte ransmennene forsvann sporlaust. Tek ein med alle brotsverka som banden var sterkt mistenkt for, verkar eit samla utbytte på 100 millionar kroner i dagens pengeverdi rimeleg.
Pengane gjekk primært til Palestina, først og fremst til terrororganisasjonen Folkefronten for frigjering av Palestina (PLFP).
Våpen, som danskane òg ville forsyne terroristane med, synte det seg snart for komplisert å frakte heilt til Midtausten. I staden enda banden opp med eit arsenal av eit omfang som forskrekka politiet då det vart avdekt i hovudkvarteret på Amager, midt mellom København sentrum og Kastrup.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.