Den politiske æreskyrkjegardenArbeidarpartiet er ramma av klassereisas jarnlov i velstands- og utdanningssamfunnet.
Arbeidarpartiet er ramma av klassereisas jarnlov i velstands- og utdanningssamfunnet.
Partileiar Jonas Gahr Støre då han heldt pressekonferanse etter det ekstraordinære landsstyremøtet i Arbeidarpartiet måndag denne veka.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Når, om, viss Arbeidarpartiet kjem seg ut av trakasseringsmøkka og alt ho har ført med seg, er den skadeskotne ørna mellom partia berre tilbake til før start. Då Giske-saka small, var dei stadig i sorgarbeid etter valnederlaget og hadde evaluert seg ut i rådløyse.
Dei var meir rådville enn etter Stoltenbergs fadeseval i 2001, for då fann mange trøyst i mantraet «fagbevegelsen – fagbevegelsen – fagbevegelsen». Dei sa «ikkje til høgre, ikkje til venstre, men rett fram», samstundes som dei såg konturane av ein raud-grøn sving bort frå læremeister Blair, som hadde kasta blår i auga deira.
Situasjonen nå minner om stoda etter det første store valnederlaget i etterkrigstida, i 1965, då Partiet mista 30 års regjeringsmakt (minus tre Kings Bay-veker). Gerhardsen-epoken og stordomstida som sosial løftestong og samfunnsomformar, var definitivt over. Parodislagordet «Fremskrittet kommer til å fortsette» gjekk ut på dato.
DEN TRAUSTE partiformannen Trygve Bratteli sa det slik: «Nå gjelder det å riste tungsinnet ut av rekkene.» Det klarte dei faktisk, med rimeleg god hjelp frå ein borgarleg koalisjon der staurane sprikte i alle retningar.
Partiet sette Per Kleppe på eit kvantitativt tenkeloft der dei analyserte samfunnsutviklinga, ransaka seg sjølv og kom tilbake med reformforslag som skulle skapa «et kvalitativt bedre samfunn». Valslagorda spegla den endra profilen: «Trygghet i fellesskapet» (1969), «Demokrati i hverdagen» (1971), «Vekst og vern – demokrati og likestilling» (1973).
ARBEIDARPARTIETS fremste kvalitet dei neste 30 åra var som Arnulf Øverlands ord til kongen i april 1940: «Du hørte ingen klasse, men hele folket til!» Dei var eit truverdig styringsparti som alltid stod klar til å forvalta regjeringsmakt når det rakna på den andre sida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.