Den plagsame sjølvråderetten

Trass i optimismen i 1990-åra vert ikkje verda noko meir demokratisk, skal vi tru den siste rapporten frå Freedom House.

Publisert Sist oppdatert

Vegen til helvete er brulagd med gode intensjonar, vert det sagt. Då FN avgjorde at verdssamfunnet hadde eit ansvar for å verna alle menneske, var det utan tvil med gode intensjonar. Det var likevel eit feilgrep.

I 1992 skreiv Francis Fukuyama boka

The End of History and the Last Man

. Historia var over, meinte han. Austblokka og kommunismen hadde brote saman, og Fukuyama konkluderte med at no hadde det vorte prova ein gong for alle at det liberale demokratiet var den beste styreforma. Tidsalderen til ideologiane var over, og det liberale demokratiet var endepunktet. Kvifor viser forskinga likevel at verda har vorte mindre demokratisk dei seinaste åra?

Evig fred?

I 1795, to hundre år før Fuku­yama, skreiv Immanuel Kant essayet «Den evige freden» der han kom med tre postulat om korleis evig fred er mogeleg. Den fyrste påstanden var at frie statar kunne danna føderasjon, og då kom samhandlinga mellom dei til å verta lovregulert og fredeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement