Den permanente diskusjonen
Du kan tru at du har rett, og at ingen kan rokke ved overtydinga di, men så kjem eit betre argument som ein tjuv om natta.
Professor Jürgen Habermas fylte 90 år tysdag 18. juni. Han fekk Holbergs internasjonale minnepris i 2005. Tildelinga skjedd i Håkonshallen i Bergen.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Jürgen Habermas er blitt 90 år gammal og er den mest kjende levande filosofen i verda. Det er eigentleg ikkje noko å tvile på om ein berre lèt motane kvile litt og legg vekt på kvalitet.
Denne posisjonen som filosof har han fått gjennom ein omfattande forfattarskap i mange sjangrar med nokre skilsetjande hovudverk. Framfor alt gjennom diskusjonar: «Diskutere – kva elles?» skreiv han ein gong for snart 50 år sidan. Spørsmålet var retta mot dei som talte for venstreorientert aksjonisme (men han lèt samstundes høgreradikale Carl Schmitts utsegn: «Kan hende går diskusjonens epoke mot slutten», frå 1927, henge med).
Diskusjon
Ingen kan måle seg Habermas’ energiske kraft til å lære gjennom diskusjon. Men til det høyrer òg at han har stridd hardt med mange av dei viktigaste tenkjarane i tida:
Med Martin Heidegger alt som 24-åring, då han med sjokk oppdaga at Heidegger (i 1953) utan kommentar gav ut førelesingar frå 30-åra med ei klar tilvising til sanninga og den indre stordommen til nasjonalsosialismen, som om han framleis var gyldig (som Heidegger meinte)
Med Karl Popper og Popper-eleven Hans Albert i den såkalla positivismestriden, og med Hans-Georg Gadamer i striden om hermeneutikk og ideologikritikk i 60-åra
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.