JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den perfekte spionen

Eit kraftfullt spionprogram blir brukt mot både statsleiarar, opposisjonelle og narkobaronar. Pegasus kan smyge seg inn i mobilen din utan å etterlate spor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Israelske NSO Group står bak spionprogramvara Pegasus.

Foto: Sebastian Scheiner / AP / NTB

7128
20220610

Pegasus

Spionprogramvare som kan bryte seg inn på telefonar utan at brukaren merkar det.

Utvikla av israelske NSO Group.

Citizen Lab er eit forskings­institutt ved universitetet i Toronto som har spesialisert seg på Pegasus.

Kjelder: Citizen Lab, The Guardian, El País

Spionasje

jesper@dagogtid.no

Mobiltelefonen er med oss overalt, og det gjer han til eit ekstra effektivt avlyttingsverktøy. Mobilen er eit ekstra auge og eit ekstra øyre, han kan sjå og høyre alt du gjer. I tillegg fungerer telefonen som eit ekstra minne – bilete, søkjehistorikk og personlege meldingar er lagra på han. Vi stolar på denne teknologien og matar han heile tida med sensitive opplysningar om livet vårt. Men som alle system har dingsane våre sårbare punkt. Og det er ikkje berre dei som er uforsiktige og klikkar på tvilsame lenkjer, som er utsette for risiko.

Dei mest avanserte formene for skadeleg programvare kan ta kontroll over telefonen din utan at du eingong merkar det. Dei nyttar seg av såkalla «zero-days» («nulldagar») – veikskapar i tryggleikssystemet til telefonen som er så nye at teknologiselskapa ikkje kjenner til dei. Apple, Google og Microsoft strevar konstant for å oppdage slike hòl før hackerar og dei som lagar spionprogram, gjer det. Og fremst på spionprogramvaremarknaden er det israelsk-
utvikla programmet Pegasus.

Pegasus vart for alvor kjent for ålmenta i fjor sommar. Avisa The Guardian avslørte at diktatur verda over hadde nytta Pegasus til å halde auge med opposisjonelle. Selskapet bak teknologien, israelske NSO Group, hevdar på si side at Pegasus medverkar til å avdekkje alvorleg kriminalitet og terrorisme. Men tidlegare i år vart det kjent at israelsk politi har nytta programvara til å spionere på israelske borgarar. Spionprogrammet har òg vorte nytta mot toppolitikarar og aktivistar i demokratiske statar – også i Europa.

CatalanGate

I april avslørte magasinet The New Yorker og Citizen Lab at telefonane til over 60 personar tilknytte den katalanske sjølvstenderørsla viste teikn på å vere infiltrerte av Pegasus. Avlyttinga skjedde i samband med den katalanske sjølvstendeavrøystinga i 2017. Valet vart seinare erklært grunnlovsstridig av spansk høgsterett, og i etterkant måtte fleire katalanske politikarar flykte frå Spania. Mellom dei var den tid­legare leiaren av delstaten, Charles Puigdemont, som no lever i eksil i Belgia. Han skal òg ha vore avlytta ved hjelp av Pegasus – til liks med den noverande katalanske leiaren Pere Aragonés.

Somme av metodane for å oppdage spionasjen kunne vore tekne rett ut av ein James Bond-film. I februar 2021 fekk Citizen Lab til dømes nyss om ein aktiv infeksjon på datamaskina til den katalanske aktivisten Joan Matamala. For å få ut mest mogleg informasjon om skadevara ringde forskarar ved Citizen Lab til aktivisten og bad han pakke inn datamaskina i aluminiumsfolie. Dette trikset gjorde at infiltratørane ikkje kunne trekkje seg ut av maskina, av di kommunikasjonen med serverane vart broten. Slik fekk forskarane for første gong fatt i kjeldekoden til programmet Candiru, laga av tidlegare tilsette i NSO Group.

Berre to veker etter avsløringane vart det kjent at den spanske statsministeren og forsvarsministeren òg hadde vore utsette for Pegasus-infiltrasjon i fjor vår. Fleire spanske medium spekulerer på om Marokko står bak spionasjen retta mot den spanske statsleiinga. I fjor var landa nemleg i konflikt etter at spanske styresmakter lét ein leiar for sjølvstenderørsla i Vest-Sahara få behandling mot covid-19.

I etterkant av avsløringane fekk sjefen for den spanske etterretninga, Paz Esteban, sparken. Men den sosialdemokratiske statsministeren Pedro Sánchez og partiet hans har lagt ned veto mot ei parlamentarisk etterforsking av Pegasus-skandalen.

Dei fleste

«Den store, skitne løyndommen er at styresmakter over heile verda kjøper desse greiene – ikkje berre autoritære regime, men alle typar styresmakter», seier Cristin Flynn Goodwin, som har leidd Microsofts arbeid mot skadevare, til The New Yorker i samband med avsløringane.

I fjor vedgjekk tysk politi å ha nytta Pegasus sidan 2020. Etter at The New York Times i fjor haust avslørte at FBI hadde ein lisens, vedgjekk byrået å ha testa, men ikkje teke i bruk Pegasus. Torsdag sist veke melde avisa De Volkskrant at også nederlandsk etterretning har nytta Pegasus i minst eitt tilfelle. Både nederlandske styresmakter og NSO Group har nekta å kommentere skuldingane.

I Polen og Ungarn har styresmaktene nytta spionprogramvara til å spionere på den lovlege opposisjonen i landet. «Eg ser ikkje noko kritikkverdig ved det», sa parlamentarikar Lajos Kosa frå regjeringspartiet Fidesz etter ei høyring i det ungarske parlamentet i november i fjor. «Store teknologiselskap overvaker ungarske borgarar i større grad enn den ungarske staten gjer», sa Kosa til Deutsche Welle den gongen.

I etterkant av skuldingane svartelista det amerikanske næringsdepartementet NSO Group i fjor. Dette har gjort det vanskeleg for amerikanske firma å selje teknologi til NSO. Utan serverar frå Dell og datamaskiner med Windows-operativsystem er det vanskeleg å halde oppe infrastrukturen bak spionasjen.

I tillegg er selskapet i pengetrøbbel. Etter Guardian-avsløringane i fjor har salet falle mot null. På det meste omsette NSO Group for over to milliardar kroner. No har ikkje selskapet hatt eit sal på fleire månader, skriv Financial Times. Ifølgje avisa skal NSO-sjef Shalev Hulio ha vurdert å selje Pegasus til kundar med «høgare tryggleiksrisiko» for å håve inn raske pengar.

Reell trugsel

Også fleire europeiske statsleiarar og politikarar har vore råka av spionasje gjennom Pegasus. Både den franske presidenten Emmanuel Macron og den britiske statsministeren Boris Johnson har vore mål for Pegasus-spionasje. I desember melde Reuters at ni tilsette i det amerikanske utanriksdepartementet var råka. Og i mars sette EU-kommisjonen i gang etterforsking etter at fleire EU-toppar vart råka.

Politico skriv at vi kan vente fleire slike avsløringar framover. Mange av dei råka styresmaktene er nemleg sjølv avhengige av spionprogramvara. I Mexico førte Pegasus-overvaking til at narkokongen Joaquín «El Chapo» Guzmán vart arrestert. Høgkommissær for menneskerettar i FN, Michelle Bachelet, kravde i fjor betre regulering av sal og bruk av elektronisk skadevare. Likevel er enno ingen internasjonale avtalar på plass.

På spørsmål frå Dag og Tid skriv administrasjonen på Stortinget i eit e-brev at trugselen ved Pegasus mot norske politikarar er «reell». Dei ønskjer ikkje å gå ut med kva konkrete tryggingstiltak dei har for å hindre cyberåtak mot dei folkevalde.

– I Danmark har IT-administrasjonen på Folke­tinget planar om å skanne telefonane til dei folkevalde for spor av Pegasus-infiltrasjon. Har de planar om det same?

– Vi har motteke informasjon frå Nasjonalt tryggingsorgan om kva som kan vere aktuelle tiltak overfor Pegasus, seier kommunikasjonsrådgjevar Ida Helen Andersen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis