JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den nyttige dødsfienden

Kvifor lét statsminister Netanyahu Qatar sende ein milliard dollar til Hamas?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Benjamin Netanyahu viser etterretningsbilete frå Gaza på eit møte med ambassadørar i Tel Aviv i 2021. Lenge såg det ut til at trusselen frå Hamas var til å leve med.

Foto: Sebastian Scheiner / AP / NTB

12538
20231027
12538
20231027

Utanriks

peranders@dagogtid.no

I Gaza veks øydeleggingane dag for dag. Ifølgje palestinske kjelder har det israelske bombardementet teke kring 6000 liv til no. Etter terroråtaket på Israel 7. oktober lova statsminister Benjamin Netanyahu å knuse Hamas, og meiningsmålingar syner at ein klar majoritet av israelarane støttar ein invasjon av Gaza. Men samstundes kjem det òg hard kritikk mot regjeringa for å ha neglisjert trusselen frå Hamas. Det blir òg reist kritikk mot strategien til Netanyahu overfor islamistrørsla gjennom ei årrekkje. Netanyahu har vore statsminister i Israel i 13 av dei 14 siste åra, og kritikarane meiner han la til rette for at Hamas fekk byggje seg opp bak murane kring Gaza.

Dette verkar underleg, for den israelske statsministeren og Hamas har vore bitre fiendar. Kampane mellom Israel og islamistrørsla har kosta fleire tusen palestinske liv og eit hundretal israelske liv frå Hamas kom til makta i Gaza i 2006 og fram til terroråtaket denne månaden. Men forholdet har òg ei anna side.

Paradoks

«I over ti år har Netanyahu bidrege på ulike måtar til å styrkje den militære og politiske makta til Hamas», skreiv historikaren Adam Raz i avisa Haaretz 20. oktober. «Netanyahu støtta opp under Hamas i årevis», skreiv Tal Schneider i The Times of Israel 8. oktober.

Forklaringa på dette tilsynelatande paradokset? Hamas var «ein alliert mot trusselen frå diplomati, ei tostatsløysing og fred», skreiv journalist og historikar Gershom Gorenberg i The New York Times 18. oktober. Lenge såg Netanyahu og mykje av den israelske høgresida på Hamas som ein farleg, men nyttig fiende. Så lenge Gaza vart styrt av ei rørsle som ville øydeleggje Israel, og så lenge dei palestinske områda ikkje berre var fysisk åtskilde, men djupt splitta, kunne ingen krevje at Israel skulle forhandle om ei tostatsløysing. At Hamas gjekk rundt i Gaza som ein tiger i bur, at sivilbefolkninga der måtte lide under blokaden, og at folk i det sørlege Israel måtte leve med faren for rakettåtak, var til å leve med. Alternativet – ei meir moderat, samla styresmakt for båe dei palestinske områda – vart rekna som verre av Netanyahu.

Trusselen

Vi skal gå ein omveg til forholdet mellom Netanyahu og Hamas, for denne tankegangen har ei forhistorie. Den islamistiske rørsla Mujama al-Islamiya voks fram i Gaza på 70-talet, og den israelske okkupasjonsmakta hadde ingenting imot at rørsla svekte organisasjonar som PLO og PFLP. Dei sekulære palestinske nasjonalistane, som dreiv med væpna kamp og terroråtak mot Israel, var ein langt meir alvorleg trussel. Det er lett å skjøne, for på den tida prioriterte ikkje Mujama kamp mot okkupanten.

Under den første intifadaen vart Mujama til Hamas, og i 1994 kom den første bølgja med sjølvmordsåtak mot israelske sivile. Men også etter at Hamas hadde vist seg i stand til ekstrem valdsbruk, såg mange israelske politikarar på PLO og det dominerande partiet Fatah som ein større trussel. Oslo-prosessen og kompromissviljen til Fatah hadde gjeve palestinarane internasjonal velvilje og større legitimitet, og det erklærte målet om ein palestinsk stat såg ei stund ut til å vere oppnåeleg. For leiande politikarar på den israelske høgresida var dette å rekne som ein fare.

«Slankekur»

I 2005 trekte statsminister Ariel Sharon hæren ut av Gaza og tvangsevakuerte dei 8000 israelske busetjarane der. Målet var ikkje å leggje til rette for ei tostatsløysing. Sharon såg at dersom Israel skulle halde på Gaza, innebar det ansvar for ei stor og raskt veksande palestinsk befolkning. Dette kunne på sikt truge den jødiske majoriteten i områda staten kontrollerte. I tillegg var Gaza langt mindre viktig for Israel enn Vestbreidda er, av både strategiske og historiske årsaker. Sharon konkluderte med at det var betre å trekkje seg ut, og nøye seg med streng kontroll med grensene, luftrommet og sjøen utanfor. Israel kontrollerte òg straumforsyninga og vassforsyninga til Gaza.

Året etter vann Hamas det palestinske valet, og Israel stramma grepet enda meir kring kyststripa. Dov Weissglas, rådgjevar for Sharon, samanlikna den israelske blokaden med ein slankekur: «Vi må gjere dei mykje tynnare, men ikkje nok til å døy», sa han i eit intervju i 2006. Dette var meir enn ein kynisk spøk. I 2008 rekna israelske styresmakter ut kor mange kaloriar befolkninga i Gaza trong for å unngå farleg underernæring. Den israelske strategien overfor Gaza var å halde økonomien «på randa av kollaps utan å dytte han heilt over kanten», gjekk det fram av diplomatmeldingar frå USA, publisert av Wikileaks.

Brev til FN

I 2009 vart Benjamin Netanyahu statsminister for andre gong. Han arva ein fastlåst situasjon frå forgjengaren Ehud Olmert. Hamas hadde kontroll i Gaza, Fatah hadde kontroll på Vestbreidda, og fredsprosessen mellom Israel og palestinarane låg i koma. Men denne situasjonen representerte ingen alvorlege truslar mot Israel. President Mahmoud Abbas og dei palestinske styresmaktene i Ramallah var ganske medgjerlege og harmlause, og den folkerettsstridige israelske ekspansjonen på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem gjekk sin gang. Konflikten med Hamas blussa opp med ujamne mellomrom. Men i 2011 vart det israelske rakettforsvaret kalla Jerndomen operativt, og dette reduserte trusselen frå rakettåtaka til Hamas og Islamsk jihad.

Hausten 2011 gjorde president Abbas på eiga hand ein framstøyt for å få FN til å godkjenne ein palestinsk stat. Forsøket hans vart latterleggjort av både statsminister Netanyahu og Hamas, med forbausande like formuleringar: «Vi kan ikkje oppnå fred gjennom FN-resolusjonar», sa Netanyahu. «Statar er ikkje bygde på FN-resolusjonar», sa Hamas-talsmann Ismail Haniyeh.

Fangebyte

Ein månad etter at Abbas hadde sendt brevet sitt til FN, gav Netanyahu Hamas ein stor diplomatisk og strategisk siger. Offisielt hadde ikkje Israel dialog med rørsla, men i løynd førte regjeringa forhandlingar med representantar for Hamas i Kairo. 18. oktober vart den israelske soldaten Gilad Shalit, som hadde vore i fangenskap i Gaza i fem år, lauslaten. Til gjengjeld sette Israel fri heile 1027 palestinske fangar, blant dei fleire som var dømde for terroråtak i Israel.

Lauslatinga av Shalit var populær i Israel, men utvekslinga kan òg ha tent eit anna føremål. Mange har tolka denne avtalen som ei medviten svekking av president Abbas frå Netanyahus side. Forhandlingslina til Abbas og framstøyten overfor FN såg avmektig og hjelpelaus ut, medan konfrontasjonslina til Hamas hadde fått over 1000 palestinske fangar ut av fengsel. Dette var «ein lærepenge for Mahmoud Abbas og fredsforhandlarar som audmjukar seg framfor fienden», erklærte Hamas-politikar Mustafa Al-Sawaf etter fangeutvekslinga.

Pengekoffertar

Benjamin Netanyahu har òg gjeve meir kontante bidrag til Hamas. I 2012 opna den israelske regjeringa for pengeoverføringar til Gaza frå den søkkrike golfstaten Qatar. Noko av pengane kom som kontantar: amerikanske dollarsetlar frakta i koffertar over grensa frå Israel. Frå 2012 til 2019 skal Qatar ha overført meir enn ein milliard dollar til Gaza, ifølgje Haaretz. Netanyahu forsvarte denne politikken med at han ville førebyggje ny aggresjon frå Hamas og hindre ei humanitær krise. Men internt skal han ha forsvart pengeoverføringane slik på eit møte med parlamentsmedlemmer frå partiet Likud i 2019: «Alle som er mot ein palestinsk stat, må vere for.» Sitatet er ikkje stadfesta, men avisa Jerusalem Post skal ha fått det frå ei Likud-kjelde som var til stades.

Som splitt og hersk-taktikk gav det god meining for Netanyahu å sleppe gjennom pengane frå Qatar. President Abbas og Fatah-regjeringa på Vestbreidda hadde makt over Hamas fordi dei kunne halde att pengar til å betale løna for offentlege tenestemenn i Gaza – og den makta brukte dei. Om Hamas ikkje kunne betale lønene til lærarar, sjukepleiarar og funksjonærar, kunne det knekkje makta til rørsla. Men pengane frå Qatar fylte opp statskassa deira.

«Ein ressurs»

I den utarma Gaza-økonomien var behova enorme, og nauda på den blokkerte kyststripa ville vore langt verre utan støtta frå Qatar. Pengane skulle ikkje berre gå til løn til offentleg tilsette, men òg til byggjeprosjekt, sjukehus og mange andre gode føremål. Men kontrollen med bruken var sterkt avgrensa, og Hamas rådde nokså eineveldig i Gaza. At noko av støtta òg vart nytta til å væpne Hamas, låg i korta. Men Netanyahu såg det uansett som betre at pengane kom frå Qatar enn at dei kom frå dei palestinske sjølvstyresmaktene.

Pengeoverføringane fekk mykje kritikk i Israel, også frå ytre høgre – inkludert statsrådar i regjeringa til Netanyahu. Utdanningsminister Naftali Bennett likna politikken med å betale beskyttelsespengar til kriminelle. Avigdor Lieberman, forsvarsminister inntil han trekte seg i 2018, kalla overføringane «den første gongen Israel finansierer terrorisme mot seg sjølv».

Men lina til Netanyahu fekk støtte frå andre politikarar svært langt ute på høgrefløya. I 2015 sa leiaren for Det religiøse sionispartiet, Betzalel Smotrich (som i dag er finansminister), at president Abbas «er ei byrde, medan Hamas er ein ressurs». Terroråtaka frå Hamas og andre palestinske grupper var ikkje noko stort problem, meinte Smotrich, som likna det med bakgrunnsstøy. Den verkelege trusselen var diplomatiet som Abbas prøvde seg på, for det kunne gje palestinarane internasjonal støtte.

Catch-22

I periodar da det såg ut til at ei forsoning mellom Hamas og Fatah kunne vere mogleg, gjorde Netanyahu det han kunne for å hindre det. Logikken var enkel: Israel kunne ikkje forhandle med ei palestinsk regjering som inkluderte ein organisasjon som ville øydeleggje Israel. Og så lenge Hamas ikkje var med i regjeringa, hadde ikkje israelarane ein samla palestinsk motpart å forhandle med.

Gjorde denne splitt og hersk-politikken Israel tryggare? Sentrale leiarar i det israelske statsapparatet var skeptiske. Yuval Diskin, som var sjef for tryggingstenesta Shin Bet frå 2005 til 2011, sa i eit intervju i Yedioth Ahronoth i 2013: «Ein av dei som har bidrege mest til å styrkje Hamas, var Benjamin Netanyahu, heilt sidan første perioden hans som statsminister.»

I 2021 åtvara også den etterfølgjande Shin Bet-sjefen, Nadav Argaman, om at mangelen på dialog mellom Israel og dei palestinske sjølvstyresmaktene hadde svekt president Abbas og styrkt Hamas – også på Vestbreidda. «Sanninga er no at Hamas er sterke og sjølvstyresmaktene er svake», sa Argaman.

«Den andre»

Hamas-politikken til Netanyahu var paradoksal. Samstundes som han tillét pengeoverføringane frå Qatar, heldt han fram Hamas og den viktige støttespelaren Iran som ein alvorleg trussel mot Israel, og viste at han meinte alvor i fleire krigar mot Gaza. I 2014 oppsummerte han lina si slik: «Politikken vår overfor Hamas er enkel: Om dei skyt, vil vi slå til mot dei, og ikkje berre slå til, men slå til svært hardt. Og om Hamas ikkje forstår dette i dag, vil dei forstå det i morgon. Og om ikkje i morgon, vil dei forstå det i overmorgon. For i Midtausten treng ein ikkje berre militærmakt, men òg tolmod.»

Denne fiendskapen styrkte både Netanyahu og Hamas, skreiv Thomas Friedman i The New York Times i 2021: «Bibi (kallenamnet til Netanyahu, red.merk.) og Hamas har halde på makta ved å ri på bølgjer av fiendskap mot ’den andre’. Dei tyr til denne taktikken kvar gong dei har politiske problem.» Netanyahu og Hamas hadde slik vore til nytte for kvarandre heilt sidan Netanyahu vart statsminister for første gong i 1996, hevda Friedman. Det året vann hardlineren Netanyahu valet i Israel etter ei bølgje med sjølvmordsåtak frå Hamas, medan fredsprisvinnaren Shimon Peres tapte.

Illusjonen

Dei siste åra såg Netanyahu-lina ut til å fungere omtrent etter intensjonen. Det var ingen reell fredsprosess med palestinarane på Vestbreidda. Trusselen frå Hamas og andre væpna grupper i Gaza var latent, men handterleg. Det verka som Hamas var nokolunde under kontroll, og på sikt kanskje ville slå seg til ro med å styre Gaza. Ved å slakke eller stramme litt på blokaden kunne Israel styre Gaza i ei meir fredeleg lei og sikre at Hamas også heldt styr på andre militante grupper som Islamsk jihad. I 2021 byrja Netanyahu-regjeringa igjen å gje folk frå Gaza arbeidsløyve i Israel.

Så kom åtaket 7. oktober, som kosta kring 1400 israelarar livet. No er det ingen veg attende til illusjonen om at Hamas var ein nyttig fiende som kunne haldast under kontroll bak murane. Og kva som kjem etter krigen som no knuser Gaza kvartal for kvartal, veit ingen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis