Den nye slåttekarenHan veg rundt 200 kilo, og han kan jobbe på eiga hand og heile døgnet. Forskarar håpar den batteridrivne landbruksroboten frå Ås kan ta verda med storm etter alt regnet.

Han veg rundt 200 kilo, og han kan jobbe på eiga hand og heile døgnet. Forskarar håpar den batteridrivne landbruksroboten frå Ås kan ta verda med storm etter alt regnet.

Landbruksroboten Thorvald er sjølvgåande, men kan òg styrast med styrespake, slik som Rodrigo Carneiro gjer her.
Landbruksroboten Thorvald er sjølvgåande, men kan òg styrast med styrespake, slik som Rodrigo Carneiro gjer her.

Det har vore ein regntung sommar i mange delar av landet, og somme stader står den norske bonden no til knes i gjørme. Jorda er vasstrekt, innhaustingar er utsette og avlingar rotnar på rot. Traktoren på sju–åtte tonn som vanlegvis gjer innhaustinga, gjer meir skade enn nytte på den fuktige jorda.

– Vi må tenkje nytt om korleis vi fysisk produserer og belastar jorda og areala framover, sa Frøydis Haugen, nestleiar i Norges Bondelag, til Dag og Tid nyleg.

Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås er det tenkt nytt i fleire år, og no tek det til å likne noko som snart kan vere klart for å møte verda.

Alternativ traktor

Han veg rundt 200 kilo, og kan jobbe på eiga hand og halde det gåande heile døgnet. Namnet er Thorvald, og han er oppkalla etter den klassiske Ås-studenten slik han figurerer i studentviser sungne på kroa i seine nattetimar.

Landbruksroboten starta som eit mastergradsprosjekt av fire studentar, og det stod ferdig i ein fyrste prototype for tre år sidan. Deretter er han vidareutvikla gjennom doktorgradsprosjekt og nye mastergradsprosjekt til Thorvald II – ein meir robust type som er laga for å kunne verte kommersiell. Det seier professor og prosjektleiar Pål Johan From, som leiar forskingsgruppa for robotteknikk ved NMBU.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement