Den nye rustingsspiralen
Verda over væpnar statane seg i frykt for framtida. Aldri før har så mykje pengar blitt brukt til militære føremål som i 2023.
Kinesiske marinefarty held flåteøving i Sørkinahavet i 2018. Hangarskipet «Liaoning» får eskorte av fregattar og ubåtar. Kina har no verdas største krigsflåte. Den kinesiske opprustinga har vore med på å drive fram eit våpenkappløp vest i Stillehavet.
Foto: Li Gang / AP / NTB
Ei åtvaring: Denne artikkelen er full av store tal, og vi startar med det største: I 2023 brukte verdas land til saman 23 billionar kroner – 23.000 milliardar – på våpen og andre militære føremål. Talet stammar frå det nyaste oversynet frå den britiske tenkjetanken International Institute of Strategic Studies (IISS), som vart lagt fram 13. februar.
Målt i pengar er dette rekord: Aldri før har statane i verda brukt så mykje på å væpne seg. (Som del av BNP var militærutgiftene langt høgare under den kalde krigen.)
USA i særklasse
På lista over dei største militærstatane er USA i ein klasse for seg. I 2023 brukte amerikanarane over 9500 milliardar kroner på militærutgifter, ifølgje oversikta til IISS. Det er meir enn dei neste 15 landa på lista brukte til saman, og 40 prosent av forsvarsutgiftene i verda. (Tala er ikkje justerte for kjøpekraft.)
Det er langt ned til Kina på andreplass, som brukte kring 2300 milliardar kroner i fjor, noko under ein fjerdedel av USAs militærutgifter. Det kinesiske forsvarsbudsjettet auka med 7 prosent frå 2022.
På tredjeplass var Russland, med utgifter som er sterkt prega av krigen i Ukraina. Russland auka i fjor forsvarsbudsjettet sitt med heile 60 prosent til 1150 milliardar kroner. Militærutgiftene utgjer no kring ein tredel av det russiske statsbudsjettet. Vidare nedover lista finn vi India på fjerdeplass, Storbritannia på femte, Saudi-Arabia på sjette, Tyskland på sjuande og Frankrike på åttande plass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.