JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den nye rustingsspiralen

Verda over væpnar statane seg i frykt for framtida. Aldri før har så mykje pengar blitt brukt til militære føremål som i 2023.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kinesiske marinefarty held flåteøving i Sørkinahavet i 2018. Hangarskipet «Liaoning» får eskorte av fregattar og ubåtar. Kina har no verdas største krigsflåte. Den kinesiske opprustinga har vore med på å drive fram eit våpenkappløp vest i Stillehavet.

Foto: Li Gang / AP / NTB

10638
20240223

Bakgrunn

Til saman brukte statane i verda kring 23 billionar kroner på militærutgifter i fjor, ifølgje International Institute of Strategic Studies.

Aldri før har verda brukt så mange pengar på forsvar på eit år.

USA står åleine for kring 40 prosent av militærutgiftene i verda, med 9500 milliardar kroner i fjor.

USA brukte meir på forsvaret enn dei 15 neste statane på lista brukte til saman.

Nato-landa står til saman for kring 50 prosent av militærutgiftene i verda.

Russland brukte i fjor 1150 milliardar kroner på militæret. Det var ein tredel av statsbudsjettet.

Politikk

peranders@dagogtid.no

Ei åtvaring: Denne artikkelen er full av store tal, og vi startar med det største: I 2023 brukte verdas land til saman 23 billionar kroner – 23.000 milliardar – på våpen og andre militære føremål. Talet stammar frå det nyaste oversynet frå den britiske tenkjetanken International Institute of Strategic Studies (IISS), som vart lagt fram 13. februar.

Målt i pengar er dette rekord: Aldri før har statane i verda brukt så mykje på å væpne seg. (Som del av BNP var militærutgiftene langt høgare under den kalde krigen.)

USA i særklasse

På lista over dei største militærstatane er USA i ein klasse for seg. I 2023 brukte amerikanarane over 9500 milliardar kroner på militærutgifter, ifølgje oversikta til IISS. Det er meir enn dei neste 15 landa på lista brukte til saman, og 40 prosent av forsvarsutgiftene i verda. (Tala er ikkje justerte for kjøpekraft.)

Det er langt ned til Kina på andreplass, som brukte kring 2300 milliardar kroner i fjor, noko under ein fjerdedel av USAs militærutgifter. Det kinesiske forsvarsbudsjettet auka med 7 prosent frå 2022.

På tredjeplass var Russland, med utgifter som er sterkt prega av krigen i Ukraina. Russland auka i fjor forsvarsbudsjettet sitt med heile 60 prosent til 1150 milliardar kroner. Militærutgiftene utgjer no kring ein tredel av det russiske statsbudsjettet. Vidare nedover lista finn vi India på fjerdeplass, Storbritannia på femte, Saudi-Arabia på sjette, Tyskland på sjuande og Frankrike på åttande plass.

Nato aukar

Sjølv om det no er noko nær ei vedteken sanning at Nato er for dårleg rusta, er det verdt å nemne at Nato-landa i fjor stod for omtrent 50 prosent av dei globale militærutgiftene, medan dei til saman har 12 prosent av befolkninga i verda. I fjor auka Canada og dei europeiske Nato-landa forsvarsbudsjetta med heile 11 prosent, og alt tyder på at auken vil halde fram i åra som kjem.

Fleire av årsakene til opprustinga er openberre. Den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 har skaka Europa. Nato-landa har ikkje berre auka våpenproduksjonen for å hjelpe ukrainarane med å forsvare seg, dei rustar òg opp sjølv fordi Russland har vist seg i stand til aggresjon i stor skala. Rett nok er den russiske hæren no alvorleg svekt av to år med krig, men illusjonen om Russland som ein venleg og stabil nabo er det lite att av.

«Det er all grunn til å tru at våpenprodusentane i verda har nokre lukrative tiår framfor seg.»

Trump-frykt

Risikoen for at Donald Trump igjen kan bli amerikansk president, har nok òg forsterka viljen til å prioritere forsvar i dei europeiske Nato-landa. Som president pressa Trump hardt på for å få andre medlemsland i alliansen til å auke forsvarsutgiftene. Nyleg truga han med å «late russarane gjere kva faen dei vil» med Nato-land som brukte mindre enn 2 prosent av BNP på forsvaret sitt.

Anten Trump blir president eller ikkje, kjem han truleg til å få gjennomslag. Trenden er tydeleg. I 2014 var det berre tre europeiske Nato-land som brukte meir enn 2 prosent av BNP på forsvaret. I år kjem truleg 18 av 31 medlemsland til å nå målet, sa generalsekretær Jens Stoltenberg nyleg på ein pressekonferanse i Brussel. Noreg heng etter, men regjeringa forsikrar at 2 prosent-målet skal bli nådd i 2026.

Det forsvarspolitiske lineskiftet i Europa kom eigentleg alt etter den russiske annekteringa av Krym i 2014 og krigsutbrotet i Donbas same år. Sidan da har dei europeiske landa auka forsvarsutgiftene sine med 32 prosent, men det meste av denne auken har skjedd dei to siste åra.

Kina og naboane

I Noreg er det naturleg å vere mest oppteken av tryggingspolitikken i Europa. Men opprustinga i Asia er prosentvis enda større enn den europeiske, syner oversikta frå IISS. Det kjem dels av at Kina sjølv investerer så det monar i forsvaret sitt, og står for over 40 prosent av dei samla forsvarsutgiftene i Asia. Men det kjem òg av at ei rekkje land ved Stillehavet oppfattar Kina som ein meir trugande nabo enn før, og rustar opp sjølv.

Den mest utsette av naboane til Kina, Taiwan, auka forsvarsbudsjettet med heile 20 prosent i fjor. Japan, som lenge har brukt relativt lite på forsvaret i høve til storleiken på økonomien, har òg vedteke ei svært rask opprusting. «Tryggleikssituasjonen er den mest alvorlege og komplekse sidan 1945», har regjeringa erklært, og viser til Kina og Nord-Korea som moglege trugsmål. Japanarane vil nesten doble militærutgiftene innan 2027, og kan i så fall få det tredje største forsvarsbudsjettet i verda. I dag er Japan på niande plass på lista til IISS.

Også Australia rustar opp så det monar. Nyleg la den australske regjeringa fram ein plan for å utvide marinen sin frå 11 til 26 overflatefarty i løpet av det neste tiåret, inkludert innkjøp av seks nye fregattar. Forsvarsminister Richard Marles viste til den geopolitiske spenninga i Asia som motivasjon for opprustinga, og australiarane har eit enda større militærprosjekt på gang under overflata. I samarbeid med USA og Storbritannia skal Australia bruke heile 2500 milliardar kroner på å kjøpe og byggje atomubåtar dei neste 30 åra. Denne langsiktige opprustinga syner at også australiarane ser for seg at framtida blir langt farlegare enn tiåra bak oss var.

GÅVEPAKKE: 155 milimeter-granatar blir lasta opp for å sendast til Ukraina frå ein militærbase i Delaware, USA i 2022. Den russiske fullskalainvasjonen har fått fart på  våpenproduksjonen i Nato-landa.

Foto: Alex Brandon / AP / NTB

Spenningar

Det meste tyder på at den nye militariseringa av verda kjem til å halde fram lenge. I Europa er det ingen teikn til at Ukraina-krigen skal ta slutt med det første. Spenninga aust i Asia blir ikkje mindre av at Kina no ser ut til å oppleve ein økonomisk nedtur. I Midtausten har Gaza-krigen, med sine mindre avleggjarar i nabolanda, truleg sikra at alle statar i regionen som har råd, vil ruste opp ytterlegare. Og der er det fleire statar med ekstremt god råd. Saudi-Arabia har vore USAs beste våpenkunde i ei årrekkje allereie.

Heller ikkje det sørlege Asia er heilt fredeleg. India og Pakistan har hatt sitt eige regionale våpenkappløp gåande i mange år, og dei siste åra har òg forholdet mellom India og Kina vore surt.

I sum er det all grunn til å tru at våpenprodusentane i verda har nokre lukrative tiår framfor seg. I tillegg til dei geopolitiske spenningane i både aust og vest er det også andre årsaker til at stadig meir pengar går til forsvarsføremål.

Dyr teknologi

Ein av grunnane er at krigføring blir stadig meir teknologisk avansert. Alle land som har råd til det beste utstyret, vil berre ha det beste utstyret, for det kan gje eit avgjerande overtak. Men teknologiutvikling er dyrt. Og om ein skal ha den aller nyaste og mest avanserte våpenteknologien, blir det få tilbydarar å velje mellom – i mange tilfelle berre éin. Det vil seie at det blir seljars marknad. I tillegg ønskjer mange kjøparar skreddarsydde løysingar for sine eigne styrkar, og det er fordyrande. Dermed får militærteknologi ein særeigen prisvekst, langt høgare enn inflasjonen elles.

Dette fenomenet ser vi spor av i den nyaste globale oversikta frå IISS: I 2014 brukte Nato-landa i snitt 15 prosent av forsvarsbudsjetta på innkjøp og utvikling av utstyr. I 2023-budsjetta gjekk over 30 prosent til utstyr.

Hyperinflasjon

Kva inneber så dette i praksis? Jau, at ein stat som ikkje aukar forsvarsbudsjetta i takt med den særmilitære prisveksten, sit att med eit mindre forsvar år for år. Fenomenet vart oppsummert med ei spissformulering av Norman Ralph Augustine, som mellom anna var viseforsvarsminister i USA og toppsjef i forsvarsgiganten Lockheed Martin, og kjende det militærindustrielle komplekset frå båe sider av bordet: «I 2054 kjem heile det amerikanske forsvarsbudsjettet til å gå med til å kjøpe eitt fly», fleipa Augustine.

Som ein kan vente, er særinflasjonen i våpenmarknaden på sitt verste i periodar med stor opprusting, når etterspurnaden overgår tilbodet. Under Vietnam-krigen skal prisauken på forsvarsmateriell i USA i periodar ha vore nær 50 prosent årleg, skreiv The Economist i fjor. Når så mange land no skal ruste opp samtidig, kjem det til å setje fart på prisveksten.

Fredsutbytet

Optimismen frå dei tidlege 1990-åra kan kjennast fjern og uverkeleg no når haukane set dagsordenen nesten overalt. Men da den kalde krigen tok slutt, snakka både president George H.W. Bush i USA og statsminister Margaret Thatcher i Storbritannia (ingen av dei for fredsduer å rekne) om fredsutbytet – «peace dividend». «Vi kan hauste eit fredsutbyte år etter år gjennom reduserte forsvarsbudsjett», sa Bush i 1992.

Presidenten fekk rett, i alle fall ei god stund. I åra som følgde, kutta dei fleste land i verda forsvarsbudsjetta monaleg, og frigjorde store summar som kunne gå til hyggelege føremål som helse, utdanning, ny infrastruktur eller skattelette. Når prosessen no går i revers og forsvarsbudsjetta skal jekkast kraftig opp, må det gå ut over andre samfunnsfelt, og det kjem til å svi. «Fredsutbytet er borte. Forsvarsutgiftene må opp», slo Kristalina Georgieva, sjef for Det internasjonale pengefondet, fast i fjor.

Prioritering

På nokre måtar er det vanskelegare å prioritere opp forsvar i dag enn det var under den kalde krigen: Opprustinga no må skje samtidig som dei fleste rike land skal handtere eldrebølgja, med stor auke i etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester og færre yrkesaktive vaksne. I tillegg står verda oppe i ei kostbar og krevjande omlegging for å få ned klimagassutsleppa, og den omlegginga blir truleg forseinka. I EU har alt midlar som var øyremerkte til utvikling av fornybar energi, blitt barberte for å frigjere pengar til militære føremål. Dette handlar ikkje berre om pengar: Våpenindustrien nyttar store mengder av mange av dei same råstoffa som trengst til det såkalla grøne skiftet.

Korleis alt dette skal gå opp, og korleis den nye rustingsspiralen blir motteken av veljarane i demokratiske land, er ikkje godt å seie. Men for kvar nye panservogn og kvart nye jagarfly blir det mindre pengar å bruke på sjukehus, jernbaneliner, utdanning og kraftverk. Den nye opprustinga kjem til å setje leiarane på harde prøver i kunsten å prioritere.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.

Foto: Fartein Rudjord / Norla

BokMeldingar

Heitt begjær ved islagt hav

Ingeborg Arvola held fram med soga om kvensk liv på 1800-talet.

Hilde Vesaas

Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.

Foto: Marcel Leliënhof

TeaterMeldingar
KristinAalen

Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis