Reportasje

Den nye porten til Sentral- og Aust-Europa

GDANSK: Eg har vore i mange hamne­område som sjømann, men eg var ikkje førebudd på kor stort det var i Gdansk.

Shippinghamnene blir ikkje lenger lagde i elvemunningar, men byggjer seg gradvis utover i sjøen
Publisert Sist oppdatert

Høgtalarane rundt meg dundrar ut punk og hiphop. Ein gjeng med unge gutar har gjort krav på ein del av hamna her, og laga seg ei skaterampe under skuggen av lasteskipa og dei gigantiske industrikranene. Ved sida av rampa har nokon andre inntatt industrihallane frå femtitalet. Rundt dei gamle mursteinsbygningane er det sett opp ein labyrint av shippingcontainerar, innreidde som ulike konseptbarar.

Det kunne vore ei scene frå Berlin for ti–tjue år sidan, men dette er ikkje Tyskland. Eg er i Gdansk i Polen, og containerane som eg ser overalt, er eit teikn på at noko nytt er i emning.

Krigen i Ukraina er i ferd med å gjere om på Aust- og Sentral-Europa. Røyrleidningane, jernbanelinene og trailervegane frå Russland er stengde. I deira stad dukkar det opp nye sambandsliner. Det er snakk om utviklingar som har vore i emning sidan byrjinga på 2000-talet, men som krigen har sett fart i.

Tidlegare var dette hovudsakleg ei eksporthamn for kol og korn – no er det den største importhamna i Austersjøen. Koltransporten går ikkje lenger ut frå Polen, men inn, saman med olje og gass. Heile Polen og det austlege Tyskland får i dag energien sin frå terminalen Naftaport, landets største oljeterminal og raffineri.

Samstundes aukar containershippinga òg. Det er særleg dette eg har reist hit for å sjå, for det er den såkalla containerifiseringa som er i ferd med å flytte det økonomiske tyngdepunktet frå sør til nord i Polen – frå land til sjø.

Containerifisering

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement