Den nye Messias og den nye Mussolini

Fenomenet Jordan Peterson kjem til Noreg. Fyrst i køen av ovundrarar står Espen Teigen frå Framstegspartiet.

Psykologen Jordan Peterson vart ei superstjerne gjennom førelesingane han la ut på nettet. No kjem han til Oslo.
Psykologen Jordan Peterson vart ei superstjerne gjennom førelesingane han la ut på nettet. No kjem han til Oslo.
Publisert

Jordan Peterson heiter ein kanadisk psykologiprofessor. I fleire år har han laga filmsnuttar frå førelesingar og lagt dei ut på nettet. Men ingen høyrde på han, før plutseleg nær alle høyrde på han. No har han vorte rik og vidgjeten etter særleg å ha kritisert postmodernisme, radikal feminisme og identitetspolitikk. Somme meiner Peterson er fascist, andre ser på han som den nye Messias, dei meir nøytrale meiner han er ein klassisk sjølvhjelpsguru. No kjem han til Noreg, og ein av dei fyrste som kjøpte billett, var rådgjevaren til Sylvi Listhaug, Espen Teigen, som òg skal møta Peterson privat.

– Kva tid fekk du fyrst høyra om han, og i kva samanheng?

– Eg nyttar Youtube ein god del, og ikkje berre til å sjå søte kattevideoar. Der såg eg eit klipp med Peterson i ein tøff debatt med ein professor i kjønnsstudiar, vedkomande sa at det ikkje eksisterte biologiske skilnader mellom menn og kvinner. At ein velutdana person kunne seia noko slikt, tykte eg var interessant og verdt å sjekka ut. Då byrja eg å høyra på førelesingane hans, og eg syntest at han hadde mykje å koma med som gjorde at brikkene i puslespelet fall meir på plass.

– Kva er hovudbodskapen hans?

– Hovudbodskapen hans trur eg ein god del menn har trong for å høyra, men ikkje har fått høyra på lenge: Reis deg opp, tak plassen din i verda, arbeid og stå på for å nå måla dine og handsam dei rundt deg godt! Han relanserer gamle dygder som er intuitive med solid og fagleg argumentasjon. Han argumenterer dessutan for ein del tradisjonelle sanningar som er under åtak, til dømes at det for nesten alle er openberre skilnader på menn og kvinner. Han går òg til åtak på offermentaliteten der folk skal rangerast i grupper alt etter kor undertrykt ein er. Om du går på eit av dei fremste prestisjeuniversiteta, vert det for dumt å hevda at du er undertrykt av det fæle samfunnet.

– Eg har sett ein del på føredraga hans og lese litt av han, og eg tykkjer han er springande og litt rotete. Men likevel verkar det som mange unge menn finn han enkel å forstå. Eller handlar det om karisma?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement