Den nye delinga av MidtaustenForhandlarane lykkast godt med å få til ein fredsavtale som gjer slutt på freden.

Forhandlarane lykkast godt med å få til ein fredsavtale som gjer slutt på freden.

Gatene her i Hewler/Erbil er fulle av «ja til sjølvstende»-plakatar. Men den tyrkiske makta over økonomien er ikkje langt unna.
Gatene her i Hewler/Erbil er fulle av «ja til sjølvstende»-plakatar. Men den tyrkiske makta over økonomien er ikkje langt unna.
Publisert

Det sa ein krigsrøynd britisk general da fredsforhandlingane etter første verdskrigen nærma seg slutten. Han snakka om Midtausten.

General Archibald Wavell fekk rett. Sigerherrane laga nye statsgrenser. For folka i Midtausten vart det starten på eit hundreår utan fred.

Eg hadde orda til generalen i minnet da eg nyleg var valobservatør i Sør-Kurdistan – den kurdiske delen av Irak: Alternativa var ja eller nei til sjølvstende og lausriving frå Irak. Var dette eit opplegg for fred eller ufred?

Krigane som øydelegg Syria og Irak, går kanskje mot ein slutt. Somme seier dei slåst for religion. Andre krigar for demokrati og menneskerettar. Men konfliktinnhaldet har ikkje endra seg sidan britiske Mark Sykes og franske François Georges-Picot i 1916 underteikna ein hemmeleg oppdelingsavtale. Framleis gjeld det råderett over korn, olje, gass og ikkje minst vatn. Snart er oljebrønnane tomme. Eufrat og Tigris er varige, som energi og som kjelde til liv.

Draumen

Ein vårkveld i 2013 møtte eg ein talsmann for terroristorganisasjonen Jabath al-Nusra, ein avleggar av Al Qaida. Han tok i mot oss i ein by i Nord-Syria. Den erfarne juristen forklarte den lange vegen mot ein islamsk stat. Han snakka om mange år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement