Den nederlandske sykkelsuksessen

Utrecht, Nederland: – Nei, det handlar ikkje om sykkelhjelm eller sykkelvegar. Det handlar om åtferda til trafikantane, fortel Aletta Koster, direktør for Dutch Cycling Embassy. Ho slår i hel norske mytar om sykling.

Publisert Sist oppdatert

Eg er i Utrecht, den gamle biskopbyen i Nederland, i juni månad. Skyene seglar av garde på den opne hollandske himmelen, og fuglane kvitrar i dei vide platan-trea i gatene.

Eg nyt sumarvêret, og slik som nordmenn flest, stig eg rett ut i trafikken når eg skal krysse vegen og ser at banen er fri for bilar. Men – bang! To syklistar køyrer beint på meg.

I augneblinken eg ligg flat på bakken, skjønar eg kva som ligg i statusen til Nederland som «cycling nation number one». Innsikt i andre kulturar er òg sjølvinnsikt – eg innser at vi nordmenn har ein heilt annan sykkelkultur. Men kva er eigenleg sykkelkultur? Eg oppsøkjer Aletta Koster, direktør for Dutch Cycling Embassy, ei stifting som eksporterer den nederlandske sykkelmodellen til andre land.

Eg fortel henne at Noreg ligg på tredje plass over sal av syklar og sykkelutstyr i Europa, ifylgje Syklistenes Landsforening – vi er ein sykkelnasjon, vi med!

Ho ristar på hovudet og seier at det ikkje fyrst og fremst handlar om det fysiske. I samtalen vår kjem vi inn på tre område innan sykling, der Noreg og Nederland skil lag, nemleg sykkelhjelm, sykkelvegar og kjøpesenter med bilbruk.

Ho slår i hel norske mytar om sykling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement