Den muslimske brorskapen måtte ut
Hadde ikkje militæret gripe inn, ville Brorskapen islamisert den egyptiske staten.
Mohammed Mursi og Den muslimske brorskapen har kome til makta av di folk, i ein revolusjonsaugneblink, røysta på dei. Det var ikkje berre islamistar som gjorde det, men òg nasjonalistar, sekulære og liberale egyptarar. Grunnen var at folk frykta at Ahmad afiq, den konkurrerande kandidaten til Mohammed Mursi, ville vinna valet og dimed halda oppe det gamle regimet. Det var 13 millionar som ved valet førde Mohammed Mursi og Brorskapen til makta i eit demokrati der folket vona at Brorskapen ville skaffe dei brød, fridom og rettferd.
Men i laupet av eitt år har Brorskapen teke frå folket vona. Regjeringa var samansett av folk der gudstrua var viktigare enn realkunnskap. I staden for at Mohammed Mursi vart president for egyptarar, vart han president for Brorskapen. Han har gradvis freista å innsetja sine eigne i statsinstitusjonar for å dominera staten.
Atter vonløyse
Han har derimot ikkje makta å gje folk von om at regjeringa hans kunne finna løysingar på arbeidsløysa eller mangelen på straum og vatn. Han har heller ikkje kome med eit grunnlovsframlegg alle partane kunne verta samde om. Tvert imot laga han ei grunnlov som høyrer til mellomalderen og som berre islamistane jubla for.
Dessutan har Brorskapen bidrege til å spissa den sekteriske konflikten i Midtausten mellom sjiamuslimar og sunnimuslimar. For fyrste gong har vi opplevd at mange i Egypt ser på sjiamuslimane som vantru.
Såleis har mange av sjiamuslimane i Egypt, som er i mindretal, vorte utsette for forfylgjing. I vår vart fire sjiamuslimske teologar – ein av dei er den mest kjende sjiaimamen i Egypt, Hassan Shahata – drepne av store massar på ein grufull måte i Giza utanfor Kairo. Gå inn på YouTube og søk på «Hassan Shahata» og sjå lynsjinga sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.