Den mislukka klimapolitikken
So godt som all subsidiering av fornyeleg energi i EU er bortkasta, syner stadig meir forsking. Vedsubsidiane åleine kostar 2250 kroner per tonn CO2 og fører til høgre globale utslepp.
Det ibuande problemet til politikken er at han er bygd på handling, at endring både er mogeleg og ynskjeleg. Difor vil politikarar gjera noko, heile tida, absolutt heile tida. Politikk er bygd for fart, ikkje stabilitet. Same kor godt noko fungerer, finst det alltid ein politikar som vil gjennomføra ei endring.
Tak noko so enkelt som ureining. Den klassiske tilnærminga er at eit gjeve giftstoff eller ei gjeven energikjelde som ein vil verta kvitt eller gjera mindre attraktiv, får ein auka pris gjennom skatte–?og avgiftssystemet. Då går forbruket ned. Slike skatteaukar kan ikkje ha unnatak. Alle må med, på det viset sikrar vi oss at samfunnet i staden tek i bruk det mest effektive alternativet, som er det vi vil ha borgarane til å byrja å bruka. Vil vi at folk skal bruka gass eller noko anna i staden for olje og kol, ja, so skattlegg vi olje og kol. Eit typisk døme på slik tenkjing er det norske skattesystemet: Alle betalar den same satsen, 27 prosent, både kapitalistar, rentenistar og vanlege lønsmottakarar. Slik syter vi for at folk freistar å auka inntektene i staden for å driva skatteplanleggjing.
Det klassiske arbeidet er av økonomen J. Tinbergen. I 1952 skreiv han i boka On the Theory of Economic Policy at ein miks av ulike verkemiddel for å nå eitt enkelt mål «vil i beste fall vera bortkasta og i verste fall gjera alt verre». Det er der EU er no. Det vert stadig klårare at EUs klimapolitikk er ein fiasko, og at han er altfor, altfor dyr.
EU går åleine
EU er den einaste store verdsregionen som i lovs form har sett eit klimamål; lova vart vedteken midt under finanskrisa hausten 2008. Ho seier at EU i 2020 skal få ned utsleppa med 20 prosent samanlikna med utsleppa i 1990. Hovudpilaren i denne utsleppspolitikken er EUs kvotehandel. Det er i utgangspunktet ein strålande idé, skriv ei gruppe tyske forskarar i ein ny fagfellevurdert artikkel, «EU Climate Policy Up til 2020». Men EU feila alt i starten, seier forskarane; dei lét for mange sleppa unna. Kvotepolitikken vart berre noko som råka dei mest energikrevjande verksemdene i EU, og dekkjer under helvta av alle utsleppa.
Den resterande mengda utslepp, dei som kjem frå individ, bønder, biltrafikk og so bortetter, vart overlaten til einskildnasjonar å få ned. Vi fekk altso ein sams politikk for EU for under helvta av utsleppa og eit totalt frislepp nasjonalt – noko som måtte gå gale. Kva hender til dømes med prisen på kvotar når Noreg subsidierer utbyggjing av småkraft? Jau, då kjem det meir energi inn i marknaden, og då går prisen på all energi ned, og dimed går òg prisen på EU-kvotar ned, og det vert billegare å brenna kol.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.