Kommentar

Den militære luksusfella

Denne regelen er like god for statar som for privatpersonar: Ikkje kjøp noko du ikkje har råd til å bruke.

Publisert Sist oppdatert

I skrivande stund har strevet for å berge «Helge Ingstad» så vidt byrja ved Øygarden, men lite tyder på at fregatten til fire milliardar kroner kan bli brukande båt att. Når ein har mista noko dyrebart, er det ein vanleg menneskeleg reaksjon å ønske å erstatte det, og slike reaksjonar har kome også ved tapet av «Helge Ingstad».

«Jeg kan ikke se noen annen løsning på dette enn at den fregatten som har gått ned, på sikt må erstattes», sa Hårek Elvenes, Høgre-mann i utanriks- og forsvarskomiteen nyleg til NTB. «Med et sjøforsvar på et absolutt minimumsnivå, kan ikke Norge leve med at 20 prosent av fregattflåten bokstavelig talt forsvinner over natten», hevda Aftenposten på leiarplass 15. november. Om ikkje «Helge Ingstad» lèt seg berge, «er det dessverre ingen vei utenom å erstatte fregatten», meinte leiarskribenten.

Men sjølvsagt er det ein veg utanom. Noreg kan spare dei fem eller ti milliardane ein ny fregatt kan koste, og heller bruke pengane på å halde dei fire attverande fregattane bemanna og i stand.

Manglar folk og delar

Den nære historia tyder nemleg på at Noreg ikkje burde ha kjøpt så mykje som fem fregattar i første omgang. Sidan desse skipa vart leverte – det siste kom i 2011 – har det stort sett verken vore mannskap eller reservedelar nok til å kunne bruke dei slik det var tenkt. Da Riksrevisjonen presenterte rapporten sin om fregattane i 2017, var domen hard. «Det er så store mangler ved teknisk tilstand, tilgang til reservedeler, bemanning og trening at de ikke har den operative evnen som Stortinget har forutsatt», sa riksrevisor Per-Kristian Foss.

Alt da dei første fregattane vart leverte, kom varsla om personellmangel. Sjøforsvaret har utdanna for lite befal og spesialistar, og har mista for mange flinke folk undervegs. I tillegg takka Forsvaret sjølv nei til ein drifts- og reservedelsavtale med Bazan-verftet som bygde fregattane. Den innsparinga kosta dyrt. Fregatten «Otto Sverdrup» låg lenge ved kai ved Haakonsvern, ute av drift fordi viktige delar var plukka ut og brukte på dei andre fregattane. Dette var ikkje eit eingongstilfelle: «Mangel på reservedeler og lang ledetid for reservedeler medfører utstrakt ‘kannibalisering’, det vil si plukking av deler fra et fartøy til et annet i påvente av nye deler», skreiv Riksrevisjonen i 2017.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement